Opplev tidlegare Salhus Tricotagefabrik (1859–1989), lær meir om klesproduksjonen i fabrikken. Kjenn karda ull mellom fingrane, høyr maskinstøyen, kjenn luktene i dei gamle lokala.
Bli med på ei omvising i produksjonslina på fabrikken - frå ull til ferdige plagg. Omvisinga byrjar i karderi/spinneri, vidare til spoleloft, strikkeloft og syloft. Omvisar vil demonstrere fleire av produksjonsmaskinene undervegs i omvisinga.
Praktisk informasjon
Omvisinga tek omlag 40 min og går kvar dag frå torsdag til søndag i sommar.
Billett til omvisinga inkluderer inngang til Galleri Salhus, og visning av filmen "Det var ein gong ein fabrikk...".