Hopp til hovudinnhald

Omvising: kvinnene i fabrikken

Lær meir om kvinnene som jobba i fabrikken. Kva slags arbeid fekk dei, kva er akkord og korleis var arbeidsforholda?
Bli med inn i fabrikken og i arbeidarbustaden.

SALHUS TRICOTAGEFABRIK Tekstilindustrimuseet
08. mars 2026
14.00 – 15.00

Bli med på ei omvising med fokus på kvinnene i fabrikken. 60% av dei tilsette i Salhus Tricotagefabrik var kvinner. Kva slags arbeid fekk kvinnene, kva er akkord og korleis var arbeidsforholda på syloftet?

Omvisninga viser kor kvinnene arbeidde og kva arbeid dei gjorde. Vi besøker også arbeidarbustaden frå 1860, og ser leiligheta der syerskersen Klara Delph budde i 1963.