Hopp til hovudinnhald

Perleverkstad

Fabrikken, sauen Bændik, sokkar og Salhusgenseren har blitt til perlemønster! Ta turen innom og lag din eigen Bændik.

Fabrikken, Bændik, sokkar og Salhusgenseren har blitt til perlemønster! Ta turen innom og lag din eigen favoritt.

SPOLELOFTET Tekstilindustrimuseet
06. nov. 2026
11.00 – 15.00
08. nov. 2026
12.00 – 17.00
15. nov. 2026
12.00 – 17.00
22. nov. 2026
12.00 – 17.00
  • Camilla Pedersen

Bli med på perleverkstad for både små og store! Her kan du perle motiv inspirerte av Tekstilindustrimuseet, mellom anna fabrikken, sauen Bæændik, ullsokkar og Salhusgenser.

Mønstera er laga av Camilla Pedersen, betre kjend som diy_camilla, som har over 50 000 følgjarar på Instagram og er kjend for kreative perleprosjekt.

Perleverkstaden passar for både barn og vaksne og er open i heile opningstida til museet.

Søndag 8. nov frå kl. 13-15 kan du møte Camilla i perleverkstaden!

Camilla Pedersen Grimstad

Camilla frå Bergen står bak DIY Camilla, der ho inspirerer over 50 000 følgjarar med kreative prosjekt og perling.

Gjennom sosiale medium deler ho idear, inspirasjon og eigne perlemønster, med eit ønske om å vise kor mykje spennande ein kan lage med små, fargerike perler. Motiva spenner frå små, enkle figurar til store og detaljerte bilete og blomsterbukettar i perler.

Camilla har òg laga eit eige perlemønster av Salhus Tricotagefabrik. Det ferdige biletet består av rundt 10 000 perler og har no fått sin plass hos oss på museet.