Vi har lang erfaring innan oppbevaring av ulike gjenstandstypar, og kan gje enkle råd om korleis ein best tek vare på desse. Vi kan rettleie i korleis ein systematiserer ei samling, og om korleis ein kan halde oversikt over og ta vare på kunnskapen om den.
Ein enkel måte å gjere aktiviteten til eit historielag eller eit museum kjend for eit breiare publikum er å formidle om ho på internett gjennom gratis nettsideløysingar. Vi har blant anna hjelpt Nera Museum og ein samlar av morsenøklar med å lage nettsider. Vi held kurs for interesserte i sosiale media som Facebook, Twitter og Instagram. Kontakt oss dersom de ynskjer å kome i gang med eit slikt arbeid.
Tekstilindustrimuseet har også lang erfaring innan å førebu og gjennomføre ulike typar arrangement, formidlingsopplegg til barn og unge og utstillingsproduksjon. Vi har fleire gonger koordinert arrangementet «Levande museum» for Bergens Tekniske Museum.
Tekstilindustrimuseet er interessert i kontakt med andre som forskar på industrihistoria i Bergen og omland. Museet forvaltar det freda kulturminnet Salhus Tricotagefabrik, og deler gjerne vår erfaring og kunnskap om sikring og vern av gamle bygningar. Som aktiv deltakar i nasjonale nettverk vil vi framover jobbe med å auke og dele vår kunnskap om dokumentasjon av industribygningar og arbeidsteknikkar.