- 1/1
Fashion Revolution Week er eit årleg arrangement i veka rundt 24. april. Denne datoen er årsdagen for Rana Plaza-kollapsen i 2013. Rana Plaza var ein bygning i Bangladesh som husa ei rekkje tekstilfabrikkar, som sysselsette rundt 5000 menneske. Menneska i denne bygninga produserte klede for mange av dei største globale motemerka. Meir enn 1100 menneske - hovudsakleg unge kvinner - døydde i kollapsen, og ytterlegare 2500 vart skadd, noko som gjer det til den fjerde største industrielle katastrofa i historia.
På programmet har vi mellom anna
Ingrid Cogne, kunstnar / professor ved KMD / seniorforskar ved Academy of Fine Arts Vienna og Erik Annerborn, kunstnar/galleridirektør i Stockholm
“Fashion Dumpsite” med Søren Zeuth, fotograf og kunstnar
Eminus Design Studio, designere og gründere
Aruna Divya Tatavarthy, professor i marknadsføring (NHH)
og som konferansier og moderator for seminaret har vi Professor Tim Parry-Williams frå KMD/UiB.
I tillegg vert det invitert ein rekkje aktørar som jobbar med klede og tekstil til seminaret – frå designarar og produsentar, til handelsnæring, ombruk- og reparasjonsnæring, frivilligheit og utdanningsmiljø. Det blir tid til lunsj og nettverksbygging.
Seminaret blir strøyma, og kan sjåast live på Zoom. Det blir ikkje gjort opptak av foredraga. Du kan kjøpe eigen billett til strøyminga.
- 09.45 Registrering og kaffe/te
i Krone kafé på Tekstilindustrimuseet (TIM)
- 10.15 Velkommen
v/Inger Lena Gåsemyr (leiar på Tekstilindustrimuseet) m/introduksjon til Fashion Revolution Week (FRW) og Prof. Tim Parry-Williams fra KMD/UiB, som konferansier og moderator for seminaret
- 10.30 Spells and im/material fashion in education
Professor Ingrid Cogne (FR), KMD/UiB og Erik Annerborn (SE), designer/kunstner/galleridirektør i Stockholm
- 11.15 Fashion Dumpsite
Søren Zeuth (DK), fotograf og aktivist
- 12.00 Lunsj og nettverksbygging
i Krone kafé
- 13.00 Bærekraftig utfordring
Eminus Design Studio, gründere og designere
- 13.45 Økonomi i tekstilbransjen og forbrukeradferd
Professor Aruna Divya Tatavarthy, NHH
- 14.30 Frukt og kaffe/te
i Krone kafé
- 14.50 Panelsamtale
ledet av Tim Parry-Williams
- 15.30 Omvisning i Galleri Salhus
KMD-studenter viser gruppeutstilling m. tekstilbaserte arbeider.
- 16.00 Slutt
Seminaret blir arrangert i samarbeid med Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen og er støtta av Fritt Ord.
Spørsmål? Kontakt oss på tekstilindustrimuseet@muho.no