Ei oppleving for alle sansane
Eit besøk i fabrikken tek deg med inn i den eldste delen av fabrikkanlegget, og følger produksjonslinja frå karding, spinning og spoling til strikka metervare og ferdigsydde plagg. Bli med på omvising og kjenn karda ull mellom fingrane, høyr maskinstøyen og sjå gamle maskiner som framleis tvinner og spoler garn. Når det ikkje er omvising kan du no utforske, spoleloftet, karderi/spinneri og syloftet på eiga hand. Billett til ordinær inngang kan kjøpes i døra.
Museet tilbyr skreddarsydde formidlingsopplegg for ulike grupper, og har arrangement om tekstil, industrihistorie og kultur for store og små gjennom heile året. Det er ein perfekt stad for barnefamiliar, med eigne omvisingar, leikekrok og tekstilaktivitetar for barn.