Hopp til hovudinnhald

Kulturfest Åsane
Samtale: danning gjennom arbeid

Som ein del av Kulturfest Åsane, inviterer vi til ein samtale om danning gjennom arbeid med forfattar Tormod Haugland, kunstnar Sofie Hviid Vinther og kurator for Galleri Salhus, Anneli Belsvik Aras.

Som ein del av Kulturfest Åsane, inviterer vi til ein samtale om danning gjennom arbeid med forfattar Tormod Haugland, kunstnar Sofie Hviid Vinther og kurator for Galleri Salhus, Anneli Belsvik Aras.

Tekstilindustrimuseet
01. nov. 2026
16.00 – 17.00
Kjøp billett
  • Frå utstillinga Skygger i ruiner av Sofie Hviid Vinther i Galleri Salhus 1.mars - 19.april 2026. Thor Brødreskift

Som ein del av Kulturfest Åsane, inviterer vi til ein samtale om danning gjennom arbeid med forfattar Tormod Haugland, kunstnar Sofie Hviid Vinther og kurator for Galleri Salhus, Anneli Belsvik Aras.

Arrangementet vil ta for seg temaet danning gjennom arbeid, og sjå på dette frå ulike innfallsvinklar, basert på kunstnarskapet til Sofie Hviid Vinther og forfattarskapet til Tormod Haugland.

I denne samtalen vil vi m.a. snakke om kva vi vinn og vi potensielt taper på å ha eit samfunn som verdset institusjonell og akademisk (ut)danning høgare enn manuelle ferdigheiter.

Sofie Hviid Vinther

Sofie Hviid Vinther er dansk kunstnar, busett i Bergen. Arbeidskultur og arbeidets plass i samfunnet sår sentralt i hennar kunstnarskap. Gjennom tekstil, installasjon, video og tekst undersøker ho m.a. korleis arbeid påverkar oss fysisk, mentalt og sosialt. Ho utforskar korleis yrkesroller, produktivitet og forventningar formar både identitet og fellesskap. Arbeida hennar har vore vist ved ei rekkje utstillingar i Noreg og internasjonalt, og er representert i samlingane til KODE kunstmuseum og Tekstilindustrimuseet. Vinther står også bak det nyleg avduka monumentet Nyttehender til ære for forfattaren Torborg Nedreaas i Nygårdparken i Bergen.

Tormod Haugland

Tormod Haugland debuterte med romanen Under i 1994, og har sidan gjeve ut romanar, noveller, dikt og dramatikk. Han er m.a. kjend for romanane Om dyr og syn (2017), Om søvn og mørke (2019) og Om livet på jorda (2021).I 2021 var han festspeldiktar ved Dei Litterære Festspeal i Bergen. Romanen Sirenene (2024) gav han P2-Lytternes romanpris. I Haugland sin nyaste roman, Ljodane (forlaget Oktober, 2026), møter vi den unge guten Tormon, som heller vil arbeide enn å gå på skulen. Under arrangementet vil forfattaren lese eit par utdrag frå romanen, som innspel til samtalen.

 

PS! Billett til arrangementet inkluderer også adgang til museet og utstillingane.

  • 1/1
    Linn Heidi Stokkedal