Hopp til hovudinnhald

UTSATT: Seniordag

Seniordagen blir utsatt til hausten. Ny dato kjem.

Velkommen til ein innhaldsrik og hyggeleg dag spesielt tilrettelagd for seniorar. Denne dagen får du høve til å oppleva Salhus – eit unikt industristadssamfunn på Vestlandet.

Tekstilindustrimuseet
  • reimdrift montert i taket i fabrikklokale, til tekstilmaskiner
    Trond Isaksen /Riksantikvaren

Velkomen til Seniordag i Salhus

Seniordagen blir utsatt til hausten. Ny dato kjem.

 

Vi inviterer til ein innhaldsrik og hyggeleg dag spesielt tilrettelagd for seniorar. Denne dagen får du høve til å oppleva Salhus – eit unikt industristadssamfunn.

Gjennom foredrag, god mat og omvisingar i Tekstilindustrimuseet, får du eit nært møte med historia om tekstilindustrien, menneska som arbeidde her, og korleis Salhus har utvikla seg. Det vert også god tid til sosialt samvær, refleksjon og eigne oppdagingar.

Program for dagen

10.00–10.45 | Velkomen og kaffi
Me ønskjer velkomen i Krone Kafé, med kaffi/te og noko søtt. Ei roleg og triveleg start på dagen, med tid til prat og samvær.

10.45–11.45 | Foredrag i Spoleloftet
Foredrag ved avdelingsleiar Inger Lena Gåsemyr i det ærverdige Spoleloftet.
Her får du innblikk i Salhus si rike historie, tekstilindustrien si rolle i lokalsamfunnet og museet sitt arbeid med å ta vare på denne arven.

12.00–12.45 | Lunsj
Servering av nydeleg betasuppe med heimebakt brød i hyggelege omgjevnader.

13.00–14.30 | Bli kjent med Tekstilindustrimuseet
Omvising i mindre grupper, der deltakarane roterer mellom ulike «stasjonar» i museet.
Her får ein oppleva maskiner, forteljingar og gjenstandar som gir liv til historia. 

14.30–15.30 | Utforsk på eiga hand
Tid til å sjå nærare på det som fangar interessa di, besøka museumsbutikken, ta ein kopp kaffi eller berre nyta atmosfæren i Salhus.

 

  • symaskin på trebord i fabrikklokale, oransje og raud sytråd
    Tove Lise Mossestad

Praktisk informasjon

Arrangementet er lagt opp i roleg tempo og med god tilrettelegging. Me legg vekt på tryggleik, trivsel og gode opplevingar for alle deltakarar.

Pris 490 kr,- inkludert lunsj.