Hopp til hovudinnhald

Sesongopning: strikk og mekanikk

Ta veteranbåten Stord1 til museet og høyr foredrag med strikkedesignar Helle Siggrud. Open smie og strikkeloft.

NB! Arrangementet har funne stad

Ta veteranbåten Stord1 til museet og høyr foredrag med strikkedesignar Helle Siggrud. Open smie og strikkeloft.

Tekstilindustrimuseet
10. mai 2026
12.00 – 17.00

Velkommen til sesongopning!

Ta med deg «spøtet» og finn plass i strikkesalongane og «spøta» deg fram og tilbake i takt med dampmaskina sine mjuke maskinlydar!

Veterandampskipet «Stord I» har avgang Bergen/Vågen frå Shetlands Larsens brygge søndag 10. mai 2026 kl. 11.00 for å segle til Salhus med ankomst ca. kl. 12.00. Under opphaldet i Salhus fram til kl. 15.00, kan du oppleva utviklinga frå strikkepinnar til, for si tid, avanserte strikkemaskinar frå 1930/1950-talet. «Stord I» representerer ein dampskipsperiode for rutebåtar frå 1880 – 1960.

Båtbilletten for vaksne dekkar både båtturen og inngangsbillett til museet og foredrag.

Ønsker du å besøke museet og høyre foredrag utan å bli med på båten? Kjøp ordinær inngangsbillett her. 

«Strikk og mekanikk» med skip og i fabrikk!

Salhus Tricotagefabrik er eit freda kulturmiljø i Salhus. Fabrikken var i drift frå 1859 til 1989 og produserte strikka klede av god kvalitet – trikotasje betyr strikka stoff. I dag held Tekstilindustrimuseet til i fabrikklokala. På denne turen vil du få oppleve Salhus Tricotagefabrik, lære meir om klesproduksjonen i fabrikken og elles i verda. Kjenne karda ull mellom fingrane, høyre maskinstøyen, kjenne luktene i dei gamle lokala, utforske fabrikkstaden Salhus, og sjå utstilling med kunststudentar med fordjuping i tekstil, ved fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen.

Møt Helle Siggerud!
Helle Siggerud er bunadsyerske, strikkedesignar og forfattar av to strikkebøker – og ein engasjert formidlar av handverk, tekstil og berekraft. Ho har blogga om søm og tekstil for mellom anna 1000 ideer, og held kurs og foredrag innan ulike handverkstradisjonar.
Med mottoet «Ta vare på det du har – eller lag noko du har lyst til å ta vare på» inspirerer Helle til meir medvitne val, både i skaparglede og garderobe. Foredrag som både inspirerer – og gjer deg klokare. 

Kl. 11.15: Foredrag på båten: Frå idé til design
Korleis blir ein tanke til eit ferdig strikkedesign? Helle deler innsikt i arbeidsprosessen sin, fargar, inspirasjonskjelder og kreative val – eit foredrag proppfullt av inspirasjon!

ca 12.15: Ankomst Salhus med minikonsert med Salhus Musikklag

Takk til LivogLyst i Salhus og Salhus Musikklag for godt samarbeid

Kl. 12-13 og kl. 14-15: Open smie og ope strikkeloft

Demonstrasjon av produksjon i smia og opplev strikkemaskiner frå 1930- og 1950-tallet i drift. 

Kl. 13.00: Foredrag på Spoleloftet, Tekstlindustrimuseet: Tekstil og berekraft
Her utfordrar Helle oss til å sjå garderoben med nye auge. Ho snakkar om materialval, tekstilindustriens skyggesider, og viser konkrete døme på korleis vi kan reparera, ta vare på og forlenga levetida til det vi allereie har.

Kl. 15.00: Omvising i Salhus Tricotagefabrik

 

Det vil i tillegg vere:

  • KMD: TEXTILES: open utstilling med arbeid av studentar frå Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen
  • Aktivitetsbord: Aktivitetar for heile familien.

I MUSEUMSBUTIKKEN

10 % av på varer som sokkar, skjerf, gensarar og bomullsplagg produsert på fabrikken. Loddtrekning av gåvekort kl. 14:30 for alle

VÅRSTEMNING I KRONE KAFÉ

Meny: Blings, skillingsbollar, kake. Kaffi/te, saft/juice.

 

 

  • 1/4
    Høyr foredrag med Helle Siggrud på båten og på Tekstilindustrimuseet.
  • 2/4
    Ta med deg spøtet! Hege Melkevig
  • 3/4
    Bli med inn i smia frå kl. 12-13.
  • 4/4
    Ope strikkeloft frå kl. 12-13.