Sofie Hviid Vinther
Skygger i ruiner
Sofie Hviid Vinther
Utstillinga «Skygger i ruiner» er utvikla stadspesifikt, og prosjektet er forma i dialog med bygningsmiljøet og staden si historie. Korleis fabrikken fødde ein landsby og eit samfunn, samt korleis tidas forandring innan tekstilindustrien endra lokalsamfunnet som fabrikken hadde skapt i Salhus.
Tøy som vi ikler oss i dag, er som oftast produsert i land langt borte under forhold som ligg veldig fjernt frå oss. Industrien er barsk, forbruket vårt er unødvendig stort, og med store økonomiske ulikheiter er det langt frå alle som har mogelegheit til å treffe dei rette val med tanke på arbeidsvilkår og miljø.
I forteljinga om ein industri- og lokalsamfunnshistorie, vil publikum tre inn i ei scene der det er usikkert om dei står midt i ein byggeplass eller i ein ruin. Ein installasjon er bygd opp av referansar til ein fabrikk, med den menneskelege handteringa av dei materialar som blir til kvardagens usynlege produkt.
Kunstnaren har fått støtte til arbeidet med utstillinga frå:
- Kulturrådet
- Billedkunstnernes Vederlagsfond
- Bergen kommune
- Kunstsentrene i Norge (KiN)
- Bergesenstiftelsen
Sofie Hviid Vinther (f.1994) er utdanna frå Kunstakademiet i Bergen i 2021. Ho arbeider med installasjon, tekstil, performance, tekst og publikasjonar. Arbeidet hennar tek utgangspunkt i det kvardagslege og utforskar tema som tid, jobb, rutinar, klede og identitet. Det industrielle og repetitive ligg tett på hennar arbeid både visuelt og innhaldsmessig. Vinther har hatt fleire separatutstillingar etter endt utdanning, og vi ser fram til å vise hennar arbeid i Galleri Salhus.
Marit Helen Akslen
How to Proceed?
Marit Helen Akslen
Gjennom det meste av kunstnerskapet sitt har Akslen kalla tekstilane ho har laga for kommentarar. Ho har hatt behov for å stille spørsmål og kommentere det som skjer i samfunnet rundt seg. Ho har ønska både å peike på aktuelle hendingar og spesifikke kjensler knytt til tida vi lever i. Det gjer ho også i utstillinga i Galleri Salhus.
Det som kanskje skil denne utstillinga frå andre utstillingar der Akslen ofte har reflektert rundt ulike problemstillingar for kvar utstilling, f.eks migrasjon, naturkrise, den globale tekstilindustrien mm, er at alle desse temaa no har blitt samanfatta. Det er ikkje eitt påtrengande bilde eller ein situasjon som gjer at ho føler trong for å stille spørsmål og kritisere. Det er mange, det er alt på ein gong. Denne prekære situasjonen, dette urolige verdsbildet som vi no er del av, der alt er usikkert og alt kjennest ute av kontroll, har ho prøvd å samanfatte i det som også har blitt tittelen på utstillinga: How to Proceed?
Slik har denne utstillinga/desse tekstilane også blitt ei meir personleg forteljing.
Materiale
Akslen har alltid vore interessert i tekstilane si historie og materialitet, og ho søker stadig å utforske det tekstile uttrykket. Det meste av materialet i denne utstillinga er gjenbruksmateriale eller ready-mades. Det er viktig for henne å bruke materiale som allereie finns, som har ei historie og som kan nyttast på ny for å fortelje nye historier. Slik oppstår fleire lag i tekstilane. Ho har dei siste åra i stor grad nytta ein nettverksteknikk der ho syr mindre bitar saman til eit større heile. Akslen ønskjer også at teknikkane skal understreke den skjøre ved tilværet, at mykje er i ferd med å gå i oppløysing og rakne. Derav også dei mange lause trådane i verka.
Kunstnaren har fått støtte frå Kunstsentrene i Norge (KiN) til arbeidet med utstillinga.
Marit Helen Akslen (f.1971) er utdanna frå Kunsthøgskolen i Bergen i år 2000. Ho har sidan jobba dedikert med tekstil innafor fleire ulike uttrykk, og er oppteken av tekstil materialitet og historie. Ho utforskar mennesket sin sameksistens med omgjevnadene og påverknad på naturen. Hennar kunstnarskap er fundert i eit gjennomgåande politisk og feministisk engasjement, der ho gjennom verka observerer, skildrar og kritiserer tema i vår samtid. Akslen har stilt ut i både inn- og utland, og vi ser fram til å få vise hennar arbeid i Galleri Salhus.