- 1/1
Workshop med smykkekunstner
Silje Bergsvik
11. desember kl. 12-16
På dette kurset skal vi jobbe med å skape unike og personlege smykker. Kvar deltakar får designe og lage sine eigne smykker ut ifrå i personleg stil og smak. Du vil lære å bruke grunnleggande verktøy og teknikkar. Vi kjem til å jobbe med form, farge og samansetjingar for å kome fram til det endelege uttrykket. Det vil bli gitt felles demonstrasjonar og vegleiiing undervegs i prosessen om korleis ein går fram. Alt av materialer og utstyr vil vere tilgjengeleg på kurset. Materiala vi skal bruke er hovudsakeleg, trefinèr, sølv og akrylmaling.
Dette er eit knallgøy kurs om ein vil lære meir om smykker og å lage eit personlig smykke til deg sjølv eller nogle du er glad i.
Pris: 200 kr. inkl. materialer og personleg smykke