Opplev Salhus Tricotagefabrik (1859-1989)
Eit besøk i fabrikken tek deg med inn i den eldste delen av fabrikkanlegget, og følger produksjonslinja frå karding, spinning og spoling til strikka metervare og ferdigsydde plagg. Utforsk spoleloftet, karderi/spinneri og syloftet på eiga hand.
Omvisingar kvar opningsdag i juli og august.
Kvar opningsdag i juli og august kan du bli med på omvising og kjenn karda ull mellom fingrane, høyr maskinstøyen og sjå gamle maskiner som framleis tvinner og spoler garn.
-
Tekstilindustrimuseet
Aktiviteter for barn
Ta med deg sauen Bæændik sin aktivitetskofferten og gå på oppdagingsferd i fabrikken!
Kofferten er gratis å låne, og inneheld fabrikkjakt, handarbeidsaktivitetar og spørsmålskort.
Omvising for barn i sommar
Kvar torsdag kl. 12:00 til og med 14. august kan du bli med på omvising i fabrikken. Vi ser på maskiner medan vi leitar ette sauen Bændik. Kanskje du får prøve ein strikkemaskin? Etter 14. august er det omvising kvar søndag kl. 13:00.
-
Summer 2025 Kyoshi Yamamoto | Maya Økland
Utstilling: S.A.L.H.U.S av Kiyoshi Yamamoto
Inspirasjon til utstillinga er henta frå Salhus og fabrikken si historie. Utstillinga er ein hommage til alle arbeidarane som har jobba ved Salhus Tricotagefabrik AS og såleis berika norsk tekstilindustrihistorie. Yamamoto undersøker den «gløymde» verdien av ei lokal historie, og ser på Salhus som ein viktig stad for utvikling av norsk tekstilindustri.
-
Lene Walton Herfindal
Utstilling: FLORA av Lena Walton Herfindal
I utstillingen «Flora» viser Lena Walton Herfindal en serie med håndbroderte arbeider sammen med en serie støpte sølvsmykker. Hun har latt seg inspirere av blomsterrike, men med en leken og fantasifull tilnærming. Utstillingen bærer preg av sterke farger og organiske former. Broderiene er brodert for hånd og smykkene er støpt i sepia skall. Det er en rød tråd i Herfindal sin strek og naturen står sentralt i hennes kunstneriske virke. Hun legger merke til hvordan livet påvirker kunsten også årstidene og fargebruken blandet med flere emosjonelle lag i hennes liv.
-
Utsikt frå Milastemma Agnes Hoshovde Bernes
Bli kjend med fabrikkstaden Salhus
Sjå arbeidarbustaden, badeplassen og Milaelva.