Hopp til hovudinnhald

Litlebergen Steinfest 2026

Steinfestivalen er ein samlingstad for dei som er interessert i tørrmuring, eller ønskjer å få erfaring med den rike tørrmuringstradisjonen. Dette er andre året festivalen arrangeres, og det blir omvising og fagleg innlegg.

Tekstilindustrimuseet
28. – 30. aug. 2026
  • Bygda Salhus utanfor Bergen, med den tidlegare tekstilfabrikken Salhus Tricotagefabrik.
    Salhus Trond Isaksen

Festivalen er ein samlingsplass for folk som har drive med tørrmuring, har litt erfaring med naturstein, eller ynskjer å få erfaring med den rike tørrmuringstradisjonen.

Den første steinfestivalen vart arrangert på Litlebergen i 2025. Gode evalueringar førte til at festivalen satsar vidare på 2026.

Nytt i år, er at festivalen samlast i «middelhavslandsbyen» Salhus, i samarbeid med Kulturverntenesta ved Museumssenteret i Hordaland. Deltakarane vil få omvising og faglege innlegg mellom (bakke)murar frå ulike tider, før arrangementet held fram med praktisk og teoretisk program på Litlebergen dei følgjande dagane.

Program

Programmet for festivalen finn de på heimesida til Litlebergen Steinfest 2026.