Hopp til hovedinnhold

Strikkekafé 21. februar

Velkommen til strikkekafé 21. februar. Denne gongen får vi besøk av Skogstrikk Design! ✨

Skogstrikk Design består av to lærarar frå Vestlandet som designar friluftsklede. For tre år sidan ønska Tove og Marita å ha ein eigendesigna turgenser på sine flotte hengekøyeturar på Vestlandet. Under Bergen Strikkefestival same året fekk dei den motivasjonen og støtta dei trong frå ein anerkjend strikkedesigner, og Tre Til Tre genseren vart offisielt skapt. Alle deira design kan strikkast med norsk kvalitetsull frå produsentar som Hillesvåg Ullvarefabrikk eller Rauma Garn. Eit ekte friluftsplagg treng ull som kan vere både vassfråstøtande, vindtett og slitesterkt. Dei er oppteken av å strikke plagg som passer til sin funksjon og ser flott ut.

Sikre deg billettar under eller kjøp i døra. Inngang kostar 100 kr. 

  • 1/4
  • 2/4
  • 3/4
  • 4/4
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1