Hopp til hovudinnhald

Strikkeaften: garn og inspirasjon

Designar Anne‑Birthe møter Gillian frå Fjord Fibres til ein inspirerande prat om handfarga garn, fargeglede og kreativitet.

Designar Anne‑Birthe møter Gillian frå Fjord Fibres til ein inspirerande prat om handfarga garn, fargeglede og kreativitet.

GALLERI SALHUS Tekstilindustrimuseet
19. feb. 2026
18.00 – 21.00
  • Hege Melkevig

Strikking, prat og god mat

19. februar kan du bli med når strikkedesignar Anne‑Birthe, og Gillian frå Fjord Fibres møtest til ein varm og engasjerande samtale om fargar, garn og skaparglede.

Anne‑Birthe er ein mønsterstrikkar og designar som elskar å fordjupe seg i fargar, struktur og komposisjon. Ho har utvikla fleire oppskrifter, blant anna Trekronesjalet, inspirert av dei levande og stemningsfulle fargane til Fjord Fibres. Ho deler tankar om korleis ho arbeider med idear, fargekombinasjonar og prosessen frå første skisse til ferdig oppskrift.

Gillian, eigaren og fargaren bak Fjord Fibres, er kjend for handfarga, ikkje‑superwash norsk ull frå sauer med høg dyrevelferd. Ho fortel om fargefilosofi, arbeidsmetodar og korleis garnkvalitetane hennar – som Trollfjord sokkegarn, Suri Alpakka Squish og Mohair Silk Mist – blir til. Fjord Fibres skal også ha ein stand kor du kan kjøpe garn. 

I samtale med Ellen Fiære Risbruna, prosjektleiar for Bergen Strikkefestival (og ivrig strikkar), utforskar vi korleis fargar, fiber, tradisjon og eigne erfaringar kan bli til heilt unike uttrykk i strikk.

Velkommen til strikkeaften!

Anne-Birthe

@steepfieldknits

  • 1/3
    Anne-Birthe @steepfieldknits
  • 2/3
  • 3/3

Fjord Fibres

@fjordfibres

  • 1/3
    Hege Melkevig
  • 2/3
  • fargerikt handfarga garn frå Fjord Fibres
    3/3
    Fjord Fibres

Kveldens meny i Krone kafé

  • Kremet rotgrønnsaksuppe med brød og smør 
  • Havresmåbørd med ost og spekeskinke
  • Gulrotkake med yoghurt og honningglasur
  • Vafler med eplemør og vaniljekrem
  • Skillingsboller
  • Varm sjokolade med krem 

Praktisk informasjon

  • 19. februar
  • Kafé open: 18–21, samtalen starter kl. 19
  • Kjøp billett på førehand for å være med i trekning av fine premier
  • Gratis inngang for frivillige til Bergen Strikkefestival 2026. Send epost til strikkefestival@muho.no
  • Her kan du registrere deg for å bli frivillig