Hopp til hovudinnhald

Strikkeaften: strikkeprat med Spøt

Velkomen til ein triveleg kveld med fokus på strikking, gode samtalar, god mat og sosialt samvær.

Velkomen til ein triveleg kveld med fokus på strikking, gode samtalar, god mat og sosialt samvær. Kveldens gjestar er Spøt.

KRONE KAFÉ Tekstilindustrimuseet
26. nov. 2026
18.00 – 21.00
Kjøp billett
  • Tekstilindustrimuseet

Velkomen til strikkekveld med Spøt!

Ta med strikketøyet og bli med på ein hyggeleg kveld saman med systrene Anne og Andrea, som står bak Spøt.

Spøt spring ut frå ei kjærleik til godt handverk og strikketradisjonar. Systrene lærte å strikke og hekle av bestemora si, og namnet er ei hyllest til henne. Som stril sa ho nemleg ikkje «strikk», men «spøt».

Denne kvelden kan du slå deg ned med strikketøyet, møte andre strikkeinteresserte og bli betre kjend med Spøt og designa deira. Det blir òg sal av strikkeoppskrifter og strikketilbehøyr, mellom anna strikkefastheitsmålarar og pinnemålarar som blir produserte i Bergen av overskotsmateriale.

Det blir også giveaway!

  • 1/9
    Spøt
  • 2/9
    Spøt Knit
  • 3/9
  • 4/9
    Spøt Knit
  • 5/9
    Spøt
  • 6/9
    Spøt
  • 7/9
    Spøt
  • 8/9
    Spøt
  • 9/9
    Spøt

Praktisk informasjon

Krone kafé er ope frå 18-21

Programmet starter kl. 19

Kjøp gjerne billett på førehand. Det er også mogleg å kjøpe billett i inngangen dersom det er ledig.