Marie Skeie, som er tekstilkunstnar, vil fortelje om solidaritetsstrikk i eit historisk perspektiv, og frå sine opphald i Gaza.
Handala - Palestina butikken i Bergen vil fortelje om sitt arbeid med solidaritetsstrikk.
Ta gjerne med strikkepinnar 2,5 - 3,5 eller heklenål 2,5 - 3,5. Viss du har ullgarn i rødt, kvitt, grønt og svart som du ønsker å donere til strikk for Handala - Palestina butikk, er du velkommen til å ta det med. Ekstra utstyr og garn er tilgjengeleg for alle som vil vere med å bidra til solidaritetstepper.
Det blir lett servering.
Dørene åpner kl. 18, og programmet begynner kl. 19. Det er gratis inngang på arrangementet.