Hopp til hovudinnhald

Strikkeprat: skaparglede

Velkommen til årets første strikkekafé. Vi lanserer eit nytt konsept: strikkeprat!

Strikking er meir enn berre ei handarbeidsteknikk – det er ei kjelde til skaparglede, ro og fellesskap. I dag skal vi dykke ned i strikkeverda saman med to strikkarar som vil dele sine erfaringar, tankar og inspirasjon.

Tekstilindustrimuseet
25. mars 2025
18.00 – 21.00
  • 1/1

NB! ARRANGEMENTET ER UTSATT TIL 25. MARS.

 

Strikking er meir enn berre ei handarbeidsteknikk – det er ei kjelde til skaparglede, ro og fellesskap. I dag skal vi dykke ned i strikkeverda saman med to strikkarar som vil dele sine erfaringar, tankar og inspirasjon.

Korleis byrja de å strikke? Kva betyr strikking for dykk i kvardagen, og kva inspirerer dei? Dette er nokre av spørsmåla vi skal utforske i denne strikkepraten.

Synnøve de Watcher er utdanna allmennlærar med fordjuping i kunst og handverk. Ho har budd til saman 12 år i Belgia, og der ho starta med import av Sandnes Garn og opna butikk saman med ei venninne. 

Da ho flytta tilbake til Bergen var draumen å starte eigen strikkebutikk. I dag driv ho - STRIKK i Steinkjelleren. Instagram: @strikk_i_steinkjelleren

Mari Ingelson er ein lidenskapeleg strikkar som elskar å skapa plagg som både blir brukte og varer. For ho handlar strikking om meir enn berre sjølve prosessen – det er ein måte å byggja ein garderobe med tidlause, gjennomtenkte plagg tilpassa hennar stil og kvardag. Ho likar å eksperimentera med garnval og tilpassingar for å få plagga akkurat slik ho vil, og ho deler gjerne erfaringane sine for å inspirera andre til å strikka medviten og berekraftig. Instagram: @mittfargerike

Dørene opner kl. 18:00, og programmet starter kl. 19:00. 

Kaféen er open fra 18-21.

 

Museum24:Portal - 2025.02.14
Grunnstilsett-versjon: 2