Hopp til hovedinnhold

Strikkekafé: dei magiske plantefargene

Foredrag med Monika Ravnanger, tekstilhandverkar på Osterøy Museum. Tema blir plantefarging.

Farging av tekstilar går fleire tusen år tilbake i tid. Kunnskapen om farging har gått frå hand til hand heilt fram til vår tid. Fortidsmennesket henta alle sine fargestoffar i naturen, og dei visste kvar og kor tid dei måtte bli sanka.

Monika Ravnanger vil fortel om plantefarging, plantene, historia,
teknikk og magi. Og om ei nesten gløymt fargehistorie, farging med lav.

Monika er tekstilnerd, over gjennomsnittet interessert i plantefargar,
og ho jobbar som tekstilhandverkar på Osterøy museum. Osterøy Museum er ein del av Museumssenteret i Hordaland.

Dørene opnar kl. 18 og foredraget starter kl. 19. 

Kaféen er ope frå 18-21.

Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1