Lørdag 4. november kl. 10-17
Om kurset
Med utgangspunkt i eit gratis mønster på ein klassisk omslagskjole med rynket skjørt lærer du å tilpasse mønsteret og lage din personlige variant av kjolen. Endring av erme, lengde og form på skjørtet, rynkekappe eller slett skjørt, lommer, mansjetter eller andre detaljer.
Kjolen passer til faste stoffer utan stretsj. Bomull, lin, duker, gardiner eller andre gjenbrukstoffer. Har du ikkje drømmestoffet for hand ? Ta med tekstil du kan lage ein testkjole av. På kurset kan du utforske ulike varianter og sette saman ditt unike kjoledesign. Så kan du nytte resultatet som mønster til å sy fleire kjoler i andre stoffer ved seinare høve.
Dette tar du med på kurset:
- Symaskin (Dersom du ikke har symaskin så har vi noen få til utlån) og gjenbruksstoff.
- Stoffsaks og gjerne papirsaks, knappenåler, sprettekniv, kritt eller anna markering, målebånd og lang linjal (om du har).
- Skrivesaker og noko å notere på.
Stoff til kjolen 3-4 m. - Knytebånd eller stoff til å lage av.
- Konstraststoff og lommestoff om du ynskjer.
Lunsj og kaffe er inkludert i prisen.
Pris: kr 1200,-
Arrangementet er en del av Kulturfest Åsane.
Meir informasjon
Kjolen passer til faste stoffer utan stretsj. Bomull, lin, duker, gardiner, eller andre gjenbruksstoffer. Då det er lett rynking av skjørtet bør stoffet ikkje være for kraftig. (Kanvas, tepper og veldig kraftige gardiner egner seg ikkje) Ynskjer du lange ermer og langt skjørt treng du 3m stoff opp til str L. Frå str XL treng du om lag 4-4,2 m .. Ta gjerne ulike tekstiler med og kombiner til din unike kjole. For eksempel kontrast på kantbånd, lommepose i fint mønster osv.
I tillegg treng du 2 m knytebånd. Desse skal delast opp i 4 stk a 50 cm så treng ikkje være heil lengde. Kan også lagast av stoff.
Det blir tilgjengelig 2stk overlock maskiner til å kaste over kanten på stoffet. Har du eigen så ta den gjerne med.
Har du høve så print gjerne ut side 25-27 og side 31-50 av mønsteret. Print ut i 100% og tape de sammen kant i kant. Du treng ikkje skrive ut mønsterdeler på skjørtet. Dette måler me på kurset.
Bruk måletabellen i mønsteret og finn kva størrelse du er. Klipp ut papir mønster av erme, bakstykke og framstykke i din størrelse. OBS: mønsteret er i Inch. 1 inch= 2,54 cm. Har du f eks bryst/bust mål på 100 cm. 100/2,54 = 39,4 inch = størrelse L.
Treng du hjelp til å finne din størrelse ? Det går heilt fint. Ta med mønsteret utan å klippe det ut. Så finn me rett størrelse på kurset.
Steg for steg beskrivelse på korleis du syr kjolen får du utdelt på kurset.
- 1/1