Eit besøk i fabrikken tek deg med inn i den eldste delen av fabrikkanlegget, og følger produksjonslinja frå karding, spinning og spoling til strikka metervare og ferdigsydde plagg. Bli med på omvising og kjenn karda ull mellom fingrane, høyr maskinstøyen og sjå gamle maskiner som framleis tvinner og spoler garn. Utforsk fabrikkstaden Salhus, sjå samtidskunst i Galleri Salhus og nyt ein kopp kaffi og utsikt mot fjorden i kafeen vår. Museumsbutikken tilbyr eit rikt utval av lokale produkt og er vel verdt eit besøk.
- 1/4
Trond Isaksen - 2/4
Trond Isaksen /Riksantikvaren - 3/4
Trond Isaksen /Riksantikvaren - 4/4
Tove Lise Mossestad