Om kunstnaren
Hilde Dramstad bur i Rælingen og har atelier på Kunstskansen Blaker skanse. Ho har sidan 1994 jobba aktivt som smykkekunstnar og har hatt ein karriere med separatutstillingar og kollektive utstillingar, både nasjonalt og internasjonalt.
I tillegg til sitt eige arbeid med smykke er ho medlem av Kunstnargruppa ARKIVET.
Som smykkekunstnar har ho arbeidd med ulike materiale og teknikkar, men kjem stadig tilbake til tekstil i sine historieforteljingar, anten som ein del av uttrykket eller som heile tekstile arbeid. I sine siste prosjekt har ho arbeidd med frykt som tema og tek no for seg dette som eit hovudtema.