Hopp til hovedinnhold

in under genom upp och sedan ut

Nordisk utstilling med Anna T. Wolgers som kurator. Kunstnarar: Kari Steihaug (NO), Kari Hjertholm (NO), Grethe Wittrock (DK), Emilia Elfvik (SE), Liisa Hietanen (FI).

  • To tekstilt kunstverk som henger fra taket i galleriet
    Kunstnar: Kari Hjertholm / Kunstnar: Emilia Elfvik / Foto: Thor Brødreskift

Velkomen til årets store satsing i Galleri Salhus!

«in under genom upp och sedan ut» er ei utstilling kuratert av Anna T. Wolgers (SE), som viser verk av 5 markante nordiske tekstilkunstnarar:

Emilia Elfvik (SE) :: Liisa Hietanen (FI) :: Kari Hjertholm (NO) :: Kari Steihaug (NO) :: Grethe Wittrock (DK)

Ei utstilling med lys på tekstilkunstens relasjon til menneskets indre.

Tekstilen og mennesket har følgd kvarandre lenge, dei kjenner kvarandre på djupet. Tekstile materialar og uttrykk følgjer oss tett gjennom alle livets hendingar. Den tekstile kunsten rører ved sinnet, bokstavleg og symbolsk. Det finst kontakt mellom kollektive erfaringar, materialar og rørsler. Den kan berøre slik ein song berører.

Utstillinga sin tittel kan vere ein instruksjon om korleis ein fører nål og tråd inn under og gjennom for å få til eit vakkert sting. Eller slik eit garn ved hjelp av heklenål blir snurra rundt seg sjølv for å skape ein botn, ei flate, eller ein samanheng om ein vil. Same rørsle kan illustrere ein kreativ prosess – ein må inn, under og gjennom for å kome ut til klårleik og innsikt. «Gå den undre och inre vägen», som Gunnar Ekelöf skriver.

Utstillinga blei opna av tekstilkunstnar og tidlegare prof. tekstil Kari Dyrdal 1. juni, og står til og med 1. september.

___________________________

Emilia Elfvik og Liisa Hietanen har fått reisestøtte frå Nordisk Kulturkontakt. Liisa Hietanen har fått transportstøtte frå Frame Contemporary Art Finland

  • Et kunsverk som forestiller en kvinne med hundi bånd. Verket er laget av strikket og heklet materiale.
    1/4
    Kunstnar: Liisa Hietanen / Foto: Thor Brødreskift
  • Detalj av et tekstilt kunstverk som er flettet og henger fra taket
    2/4
    Kunstnar: Grethe Wittrock / Foto: Thor Brødreskift
  • Detaljer av et tekstilt kunstverk
    3/4
    Kunstnar: Kari Steihaug / Foto: Thor Brødreskift
  • Et tekstilt kunstverk utstillt i galleriet
    4/4
    Kunstnar: Emilia Elfvik / Foto: Thor Brødreskift

Intervju med kunstarane

  • 1/1
    in under genom upp och sedan ut Galleri Salhus, Tekstilindustrimuseet 1.6-1.9 2024
  • 1/1
    in under genom upp och sedan ut Galleri Salhus, Tekstilindustrimuseet 1.6-1.9. 2024
  • 1/1
    in under genom upp och sedan ut Galleri Salhus, Tekstilindustrimuseet 1.6-1.9. 2024
  • 1/1
    in under genom upp och sedan ut Galleri Salhus, Tekstilindustrimuseet 1.6-1.9. 2024
  • 1/1
    in under genom upp och sedan ut Galleri Salhus, Tekstilindustrimuseet 1.6-1.9. 2024
Museum24:Portal - 2024.06.11
Grunnstilsett-versjon: 1