Hopp til hovedinnhold

Tekstile smykke-eventyr av Felieke van der Leest

Velkomen til smykkekunstnar Felieke van der Leest si utstilling «Tekstile smykke-eventyr» i kafé-monteren på Tekstilindustrimuseet.

  • 1/1

Her møter du underfundige karakterar frå dyreriket ikledd dei vakraste gevantar. Kunstnaren viser utsøkt handverk innafor eit breitt felt, der edle og uedle materialer vert kombinerte til unike smykker og uttrykk.

Van der Leest nyttar i tillegg mange tekstile teknikkar, som t.d. strikking/hekling/perlebroderi, i arbeida sine. Kunstverka er med sine titlar fulle av fantasi, poesi, humor og alvor.

  • 1/1

Felieke van der Leest (f. 1968 i Emmen, Nederland) har si utdanning frå Technical School for Gold- and Silversmithing i Schoonhoven, Nederland, og Gerrit Rietveld Academie, Jewellery Design i Amsterdam, Nederland. Ho er busett i Hardanger sidan 2008. Ho har delteke på ei mengd utstillingar i inn- og utland og motteke ei rekke prisar for sine arbeid.

Van der Leest er for tida også aktuell med eit arbeid på Norske Kunsthåndverkere si Årsutstilling på Sørlandets Kunstmuseum. Ho er innkjøpt til samlingane ved alle dei store musea i Noreg, i tillegg til ei rekke utanlandske museum som t.d. Victoria and Albert Museum i London, Rijksmuseum Amsterdam og TextilMuseum Tilburg i Nederland. Ho er for tida mottakar av statens 10-årige arbeidsstipend for etablerte kunstnarar, og hennar verk er omtala i ei rekke bøker om smykkekunst.

Praktisk informasjon

Utstillinga opnar 17. oktober kl. 14.00 og står til 13. desember. Opning ved John Kristian Øvrebø, leiar av Arna og Åsane Kulturkontor.

Utstillinga er ope i museets opningstid.

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1