Hopp til hovudinnhald

Velkommen til julebutikken

Velkomen til julehandel på museet, med varme, kortreiste gåver og 10 % rabatt på eigenproduserte varer.

Velkomen til julehandel på museet, med varme, kortreiste gåver og 10 % på eigenproduserte varer.

MUSEUMSBUTIKKEN Tekstilindustrimuseet
29. nov. – 13 .des. 2026

Frå 29. november inviterer vi til julehandel i museumsbutikken!

Her finn du julegåver med ei heilt eiga historie. Vi produserer framleis varer på maskinene i museet, og i butikken kan du mellom anna finne vårt unke garn museumstvinn, strikkepakkar, skjerf og varme sokkar. Produkta er laga i små opplag, med produksjon på museet og i samarbeid med lokale aktørar. Her finn du òg metervare med bomullstoff og dei populære Salhusgenserane.

I julebutikken finn du òg eit utval lokalprodusert kunsthandverk og design, strikkebøker, lokalhistorie, leikar og andre fine gåver.

  • kvinne ser på produkt i butikklokale
    Tove Lise Mossestad

Juletilbod

Frå 29. november til og med 13. desember får du 10 % rabatt på eigenproduserte varer, mellom anna garn, strikkepakkar, skjerf og sokkar.

Ta turen innom, opplev fabrikken og finn ei kortreist julegåve du ikkje finn overalt.

Det er gratis inngang i museumsbutikken i museets opningstid. Ta turen innom Krone kafé for heimelaga lunsjrettar og bakst.

Velkomen til julehandel!

Nettbutikken har fleire gode tilbod fra mot jul