Hopp til hovedinnhold

Vemund Tollefsen: "There is no fun like work"

Grafikk, maleri og bokdesign. Vemund Tollefsen er fødd og vaksen opp i Salhus (1941-). Etter realskulen jobba han eit år i kommunen og eit år på Salhus Trikotasjefabrikk.

13.02.–01.05.2011

Morfaren hans arbeidde på strikkeloftet heile livet, og mora var syerske til ho gjekk av med pensjon. Farfar og faren arbeidde med veving i Salhus Væverier. Då han arbeidde i fabrikken gjekk han på eit kveldskurs på Bergens Kunsthåndverksskole  to-tre kveldar i veka. Hausten 1960 byrja han på dagskulen, og etter tre år vart han reklameteiknar. Etter dette begynte Tollefsen på linja Bok og Bind på Statens Handverks- og Kunstindustriskole. Etter to år på SHKS tok han diplomeksamen på å utforme og illustrere 

Veien til verdens ende

 av Sigurd Hoel. Illustrasjonane gjorde han som xylografi og deltok med dei på Vestlandsutstillingen i 1966. Han har vore tilsett av tre forlag; J.W.Cappelen, Fabritius Forlag/Land og Kirke og H. Aschehoug & Co som teiknar og formgjevar. Han har i hovudsak hatt undervisningslitteratur som arbeidsfelt. I 1982 blei han medlem i NBK gjennom Buskerud Bildende Kunstnere (BBK). I 1994 begynte han på kveldskurs i grafikk på Asker Kunstfagskole og tok oppatt metallgrafikk slik som etsingar og koldnålsraderingar. Lærar var Magne Vatneødegård. Maleri lærte han på Asker Kunstfagskule frå 1998 til 2010 under Per Morten Karlsen.  

 

Museum24:Portal - 2024.04.07
Grunnstilsett-versjon: 1