Hopp til hovedinnhold

Vinterferie på museet

Sykurs, aktiviteter og omvising for barn.

  • 1/1

Velkommen inn i Salhus Tricotagefabrik i vinterferien!

  • Kl. 11.30 (kl. 13.30 på søndag) blir det omvising for barn med sauen Bændik. Vi ser på maskiner og korleis ull blir til undikk! Omvisinga passar best for barn mellom 3-8 år i følge med ein vaksen, men alle er velkommen til å bli med.
  • Kl. 12-14 onsdag (28.feb) og fredag (1.mars) er det drop-in sykurs for barn 12-16 år. Vi syr tøynett!
  • Kl. 13.00 er det maskinomvisning i fabrikken med fokus på maskiner og produksjon.

Kvar halvtime kan du sjå filmen «Det var ein gong ein fabrikk…» som fortel historia om etableringa av Salhus Tricotagefabrik.

I heile opningstida kan du utforske spoleloftet på eige hand. Vi har også ein spanande fabrikkbingo for barn. Klarer du fem på rad?

  • Tove Lise Mossestad

Kafé og utstilling

I kafeen har vi eit aktivitetsbord med teiknesaker og handarbeidsaktiviteter for barn. Leikekrok for dei minste barna.

I Galleriet kan du sjå utstillinga IMAGINE med verk frå tre kunstnarar. Les meir her.

Kaféen er ope 11-15, og her kan du kjøpe lunsjmat og kaker.

Opningstider og prisar

  • Museet er ope onsdag-fredag 11-15, søndagar 12-16.30.
  • Omvising er gratis for barn, aktivitetsbord og sykurs koster kr. 40,- per barn
  • Kr. 200,- for vaksne på omvising, kr 110,- for å gå på eigehand på spoleloft.
  • Gratis inngang og aktivitetar med aktivitetskortet for barn frå Bergen kommune.
Museum24:Portal - 2024.06.11
Grunnstilsett-versjon: 1