Hopp til hovudinnhald

AVLYST: Yoga for strikkere

Arrangementet er desverre avlyst.

Laurdag 28. oktober kl. 10-15.30

Start helga med yoga, lunsj og strikking på Tekstilindustrimuseet i Salhus. Yoga i unike freda omgjevnadar i den gamle fabrikken, og lunsj servert i kaféen med utsikt over Salhusfjorden. Omvising i Salhus Tricotagafabrik for dei som ønskjer det.

Pris: 950,- inkludert utstyr til yoga, lunsj og kaffi/te.

Yogaen er tilpassa strikkere, men du må ikkje strikke for å vere med.

Program

10.00 velkommen

10.15 morgonyoga

11.45 lunsj: brødskive med pålegg og yoghurt med granola

12.15 omvising i Salhus Tricotagefabrik for dei som ønskjer det

13.00 strikk og hygge

14.00 yin yoga

15.30 takk for i dag


Morgonyoga

Roleg, myk og dynamisk yogatime med fokus på å løyse opp spenningar i skuldre, armar, rygg og bryst. Dette er ein yogatime spesielt tilrettelagt for strikkere og passar alle nivå. Du treng ingen forkunnskapar.

Yin Yoga

Vi avsluttar dagen med ein terapeutisk yogaform. Med hjelp av støttande yogautstyr kviler vi inn stillingane. Vi blir i kvar kvilande stilling i ca 3-4. minuttar. Intensjonen med time er å redusere stress og støtte ein opplevelse med velvære og kvile i kropp og sinn. Heidi tilbyr lett hodebunnsmassasje/jordene berøring med eteriske oljer for dei som ønskjer det.  

Om yogalæraren

Yogalærer Heidi Folkeseth har undervist yoga sidan 2017. Ho tilbyr yogaklassar, kurs og yoga retreats. Våren 2023 avslutta ho ei utdanning i traumeinformert kroppsterapi.

Heidi har ein lidenskap for helsefremmande arbeid. På Høyskolen Kristiania studerte ho Livsstilendring og folkehelse, kor den avsluttande oppgåvå omhandla korleis yoga kan redusere stress.

Arrangementet er ein del av Kulturfest Åsane.

Museum24:Portal - 2025.04.24
Grunnstilsett-versjon: 2