Folk vandrar, kulturar møtast, før som no
Oppdag prærielandsbyen på Radøy.
Der draumar lever vidare...

Ein ekte norskamerikansk prærielandsby
Vestnorsk utvandringssenter har originale bygningar som er flytta frå USA til Sletta på Radøy. Alle er reiste av norskamerikanarar i Minnesota og Dakota mellom 1860 og 1920, der dei var i bruk i mange år. Tidene endra seg, og mot slutten av 1900-talet stod bygningane tomme, dei vart demonterte, sende over havet og bygd opp att på Sletta.
Migrasjon før og no
Lær om korleis det var for norske emigrantar som utvandra til Amerika, og om kulturmøte og migrasjon i vår tid.

Nettbutikk
No kan du kjøpe utvalde produkt frå Utvandringssenteret på nett!
Kva skjer?
Sjå dei faste utstillingane våre
Den vanskelege reisa
I utstillinga "Den vanskelege reisa – utan koffert, men med mykje bagasje" fortel migrantar i vår tid om reisa si til Noreg.
Minner frå ein krig
99th Infantry Battalion (Separate) var ein bataljon i den Amerikanske hæren, men kommandospråket var norsk. Korleis kunne det ha seg?
Legekontor
Dr. Serkland sitt legekontor frå 1904
Elizabeth Town Hall & Jail
Fengsel og rådhus - Elizabeth's Jail and Town Hall vart reiste i 1880-åra, seinare samanbygde til eitt hus.
Nybyggjarstova
Nybyggjarstova - The Underwood Pioneer House vart bygd 1869 av Andreas Seem i Underwood, Otter Tail County, MN.
Skulestova
Skulestova - Marboe Township School frå 1893, er ei typisk eittroms skulestove frå Sargent County, ND.