Hopp til hovedinnhold

99. bataljon - med norsk språk i amerikansk hær

20. april 2024 ville veteranen John Pettersen fylt 109 år. Han var viktig for utstillinga Minner frå ein krig som kom opp i 2012. Inge Alver leia feiringa av Jon Pettersen sin 101 årsdag. No er det tid for å ta ned utstillinga og vi ønskjer å markere dette ved å løfte fram John Pettersen og hans medsoldater sin innsats med eit foredrag der Inge Alver igjen vil fortelle om denne særnorske Vikingbataljonen.

  • Veteran John Pettersen i caps og jakkepins. MOntert på hvit bakgrunn med vikingskip logo til 99th Infantry Battalion

Open utstilling, omvisning, kafe og foredrag

20.april vil vi gje alle som ynskjer det høve til å sjå utstillinga Minne om ein krig. Utstillinga forteljer historia om den amerikanske bataljonen under 2.verdskrig med norsk som kommandospråk.  Her får du sjå bilete og gjenstandar knytt til den 99.bataljon, og historia blir fortald gjennom klipp av krigsveteranen John Pettersen(1915-2016) frå Radøy. 

11.30-14.00 Utstillinga Minne om ein krig er open for alle, og det er høve for å besøka kafe Emigranten med enkel servering og god stemning.  

12.30 kan ein delta på omvising i dei andre bygningane på Utvandringssenteret (pris kr 110, startar i kyrkja) 

14.00 er det duka for eit spanande foredrag om Bataljon 99 og John Pettersen med Inge Alver.

Til foredraget er det førehandssal av billett kr 200. Begrensa plassar. 

  • Tegnestripe to soldater i uniform som snakker sammen. Den ene er vakt med gevær over skulderen.
    1/1
Museum24:Portal - 2024.03.00
Grunnstilsett-versjon: 1