Dei eldste bileta er frå utstillinga Lengselens bilder, sett saman av professor Sigrid Lien.
Ho har også skrive boka Lengselens bilder, og vi har fleire bilete frå denne utstillinga i kafe Emigranten.
Dei eldste sitata er henta frå Digitalarkivet:
Amerikabrev 1, Arne Odd Johansens amerikabrevsamling 1855-1900
Between coasts er ei innsamling av fortellinger og minne frå menneske som emigrerte til USA på 1950- og 60-talet. Denne vandreutstillinga blei laga av Åshild S. F. Thoresen for Vestnorsk utvandringssenter, og har vore mellom anna i New York, USA.
Emad frå Syria fortel om si vanskelege reise frå Libanon og Syria til Norge og Radøy i 2017. Hans fortelling er del av utstillinga Den vanskelege reisa.
I 2023 vart vi kjent med Ausra Aurora Ludvigsen som kjem frå Litauen. Ho bur no i Nordhordland og skriv på ei bok om eigne og andre si oppleving av å flytte til Norge.
Ho har også Instagramkontoen @ausra_in_norway
Å vandre er å forandre - sommerutstilling 2023
Årets sommerutstilliner er sett saman av stemmer frå migrantar gjennom fleire tidsperioder. Amerikabrev, intervju og foto vert vist i Elizabeth Town Hall & Jail