Omvisar ønskjer velkomen iført historiske kostymer fra prærien, som passer inn i vår amerikanske prærielandsby. Vi kan leggje til rette for ein eller leire enkle aktivitetar som er relatert til nybyggjarlivet. Dette er ikkje ein del av deo vanlige omvisingane, men kan bestillast av grupper. Av aktivitetar kan vi til dømes tilby lassokasting og tønnekasting.
Vestnorsk utvandringssenter er ein ekte norskamerikansk prærielandsby, som er flytta frå USA til Sletta på Radøy. Alle bygningane er reiste av norskamerikanarar i Minnesota og Dakota i perioden frå 1860–1920, der dei var i bruk i mange år. Tidene endra seg, og mot slutten av 1900-talet stod bygningane tomme. Så vart dei gjevne som gåver tilbake til Noreg.