Hopp til hovudinnhald

Amerikafeber filmframsyning

Vi viser filmopptak frå oppsetninga Amerikafeber på Sletta juli 2000. Samfunnshuset Skogen heldt open pub. Ta med ein venn og mimre tilbake!

  • 1/1

Sogespelet "Amerikafeber" av Johannes Heggland hadde premiere under Utvandringsfestivalen i år 2000. I Sletta Amfi sat publikum tettpakka for å sjå spelet med prærielandsbyen som scene. 

Stykket handlar om utvandringa til Amerika, spenningar og motsetningar mellom dei som ville reise, og dei som meinte det var best å halde seg heime og ikkje tru på det Amerikabreva lokka med. Dei fleste skodespelarane var glade amatørar, og store og små i bygda var på plass for å få spelet gjennomført.

Fredag 4.oktober inviterer vi til filmframsyning på Samfunnshuset Skogen, og håpar mange av dei som var med under framføringa i 2000, og seinare i 2001,  har høve til å vera med og bidra med minner og lått. Ivar Hopland, som var ein av skodespelarane i stykket og er aktiv i Alver-revyen, er med oss og opnar kvelden klokka 19.00.

Visninga og kvelden er sjølvsagt open for alle som er interessert uansett om dei har sett Amerikafeber før eller ikkje!

Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2