Hopp til hovedinnhold

Gruppebestilling

Skal du arrangere gruppetur? Legg turen til Prærielandsbyen på Vestnorsk utvandringssenter, som eignar seg godt for blåturar og utflukter, for lag og foreiningar, songkor, slektstreff og pensjonistturar, der ei spennande oppleving med undring og utfordring set ein ekstra spiss på dagen og turen.

  • På tur med ei gruppe? Omvising i Prærielandsbyen, inne i husa og kyrkja. Vi har også kafe Emigranten.
    1/1
    Ta kontakt med oss for å avtale besøk for gruppe

Legg turen til den vesle Prærielandsbyen på Vestnorsk utvandringssenter. Ein ekte norsk-amerikansk landsby som er flytta frå USA til Sletta på Radøy. Alle bygningane er reist av norske immigrantar i Minnesota og Dakota, i perioden frå 1860-1920. Dei var i bruk i mange år, men tida endra seg, og mot slutten av 1900-talet stod bygningane tomme. I tidsrommet 1996 til 2003 vart dei gitt som gåver tilbake til Noreg. 

Bygningane vart plukka frå kvarandre på dugnad i Amerika og sendt med skip over Atlanterhavet. Dei vart reist opp att på Sletta, og Vestnorsk Utvandringssenter vart etablert.

Hos oss kan du få omvising i Emigrantkyrkja og i Prærielandsbyen med dei gamle små husa, kor du finn Nybyggjarstove, Legekontor, Skulestove, Rådhus med fengsel og ein Lærarbustad. Du får og sjå filmen om flyttinga av alle bygningane, som viser heile dugnadsprosessen.

Vestnorsk Utvandringssenter vil vise og fortelje kva folk dro frå i Noreg, og kva dei reiste til i Amerika. Sjølv om dei berre hadde nokre få gjenstandar med seg i ein amerikakoffert, var den norske kulturen og med på flyttelasset. 

Hos oss får de lære om korleis det var for norske emigrantar som innvandra til Amerika, samstundes som det trekkast parallellar til kulturmøte i vår tid.
Arbeidsinnvandrar, flyktningar og andre innvandrarar som kjem til vårt land, har med seg delar av sin kultur og tilpassar seg vårt samfunn, men i hjarta sine har dei sitt eiga heimland.

Praktisk informasjon

• Eit besøk hos oss tek omlag 1,5 -2 timar
• Gruppepris: kr 110 pr person (minimum 10 stk)
• Besøk utanom opningstid har ein tilleggspris på kr 1000,- for gruppa.

Kafé Emigranten i kyrkjekjellaren, kan tilby enkel servering for inntil  25 personer. For grupper kan vi også tilby varm suppe. 

Som kombinasjon til eit besøk hos oss, kan vi anbefale andre avdelingar i MUHO Lyngheisenteret på Lygra eller Tekstilindustrimuséet i Salhus


Kontakt: 
Telefon: (+47) 55 25 10 80
Mobil: (+47) 917 12 961

Epost: vestnorsk.utvandringssenter@muho.no


  • Gruppe på omvisning i prærielandsbyen
    1/2
    Lena Eikeland Kutschera
  • Bildekollage gruppetur, Prærielandsbyen, seng med lappeteppe og Emgrantkyrkja med blå himmel og kafebord kafeen Emigranten
    2/2
Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1