Hopp til hovudinnhald

Tilgjengelighet

På Vestnorsk Utvandringssenter ønsker vi alle velkommen, og forsøker så godt vi kan å gjere mest mogeleg av anlegget tilgjengeleg for flest mogeleg. Utvandringssenteret er eit friluftsmuseum med Emigrantkyrkja på eine sida av vegen, og Prærielandsbyen på andre sida av vegen.

Parkering og tilkomst 

Det er romsleg parkeringsplass ved Emigrantkyrkja. Det er gruslagt veg til alle bygningane.  Frå parkeringsplassen til kyrkja er det ca 12 meter. Det er høve til å rygge bil heilt opp til kyrkjetrappa, men ikkje til å parkere der. 

Det er mogeleg å køyre bil ned på baksida av Prærielandsbyen langs grusa veg, for å korte ned avstanden ein treng å gå eller rulle. Foreløpig må ein passere eit lite stykke grasbakke for å komme inn på stien herifrå (Vi planlegg å opparbeide eit kort strekk med grusa sti for å knytte denne saman med resten av stien nede på prærien).

  • 1/2
    Slakk grusbakke frå parkeringsplass opp mot Emigrantkyrkja. Ein kan rygge bilen heilt opp til trappa
  • 2/2
    Parkeringsplass

Emigrantkyrkja og kafe Emigranten

Emigrantkyrkja: Det er steintrapper opp til hovudinngangen, i tillegg er det på venstre side brei rampe opp og inn i kyrkja. Dørene kan opnast til 185 cm. Tersklane i kyrkja har terskeleliminatorar. Det er mogleg å sitte i kyrkjebenkane, på flyttbare stolar og god plass til rullestol fleire plassar i kyrkja.

Kafe Emigranten: I kjellaren på Emigrantkyrkja på høgre side frå parkeringsplassen finn du Emigranten. I dette lokalet er det toalett, resepsjon, kafe og museumsbutikk. Det er ein liten bakke ned til inngangsdøra, som er 90 cm brei. Her er det trinnfri adkomst. I Kafé Emigranten er det plass til 25-30 personer. Bord og stolar står tett, men kan flyttast på. I sommarsesongen har vi også nokre enkle kafebord utanfor.

  • 1/4
    Grusveg ned langs sida av kyrkja, inngang til toalett og Kafe Emigranten
  • 2/4
    Inngangsdør til toalett og Kafe Emigranten
  • 3/4
    Rampe på sida til inngangsdør Emigrantkyrkja
  • 4/4
    Rampe

Prærielandsbyen

Vi kallar resten av friluftsmuseet for Prærielandsbyen. Dette er ei gruppe bygningar som ligg på andre sida av vegen for Emigrantkyrkja. For å komme ned til landsbyen er det 65 meter grussti i nedoverbakke med eit bratt parti midt på.

Husa på prærien er små og har smale dører. Det er ulikt kor tilgjengelege husa er, men det vil i mange tilfelle vera mogleg å trille rullestol fram til døra og sjå inn. Det er fullt mogleg å legge til rette for å fortelje om husa utanfor.

Skulestova: Rampe opp til døra. Dørmål: 73 cm

Legekontoret: På bakkeplan. Dørmål: 87 cm

Nybyggarstova: Rampe opp til døra. Dørmål: 69 cm

Lærarbustaden: Trapp opp til døra. Dørmål: 70 cm

Rådhus og fengsel: To steinheller opp til døra. Dørmål: 80 cm

Saloon: På bakkeplan. Dørmål: 90 cm

Vi har tilgjengeleg ein enkel mobil aluminiumsrampe for betre tilkomst. Ta gjerne kontakt om du treng denne, så har vi funne fram på førehand til deg.

 

  • 1/1
    Sti ned mot Prærielandsbyen. Det er mogleg å kjøre ned i bakkant via landbruksveg, sjå parkerte biler på bilete.

Følgjeperson

Følgjeperson/ledsagar får gratis inngang på museet.

Servicehundar er velkomne hos oss.

Kafe

 I kafeen har vi gode lokalproduserte lefser og kaker, i tillegg til is. Vi kan også ha tilpasse enkle glutenfrie og/eller laktosefrie alternativ. Fint med beskjed på førehand dersom ein veit at dette er ynskjeleg.

Toalett

Det er to kjønnsåpne toalett i kyrkjekjellaren. Eit med stellebord for born, og eit med armstøtter for HC. Døra har karmmål 92 cm. Vi har diverre ikkje toalett i prærielandsbyen.

 

  • 1/2
  • 2/2
    HC toalett

Lyd

Det er teleslynge og mikrofon i kyrkja. Omvisar kan nytte taleforsterkar i prærielandsbyen ved behov. 

Omvisingar og film

Billett til eit besøk på Utvandringssenteret omfattar omvising og ein film om flyttinga av bygningane. Filmen kan visast med norsk eller engelsk tale, og omvisingane går også føre seg på norsk eller engelsk. Det er ikkje høve til å gå inn i bygningane utan billett eller omvisar.

Du er velkommen til å rusle rundt i friluftsmuseet også når vi ikkje har ope.  Du kan finne QR-kodar på skiltet ved parkeringsplassen som fortel om minnesteinane som står på grasplenen ved Emigrantkyrkja og om dei enskilde bygningane. Det er også QR-kodar kring husa i Prærielandsbyen, der ein kan lese og høyre meir om utvandringa.

Barn

Barn er velkommen på museet. Nede i Prærielandsbyen, på haugen ved Skulestova har vi to gullgravarrenner med vatn der de kan finne «ekte» gull! Ein er velkommen til å nytte området også utanfor opningstid.

 

Ta kontakt dersom du lurar på noko!

Kontaktperson: Lena Eikeland Kutschera

Epost: lena.kutschera@muho.no

Telefon: 917 12 961

Museum24:Portal - 2025.03.18
Grunnstilsett-versjon: 2