Hopp til hovudinnhald

Bokprat med Roy Thomassen

Den lokale forfattaren har skrive romanen Den knuste koppen om si eiga oldemor – og om ei tid då mange nordmenn måtte velja mellom Amerika og heimlandet.

NB! Arrangementet har funne stad

Den lokale forfattaren har skrive romanen Den knuste koppen om si eiga oldemor – og om ei tid då mange nordmenn måtte velja mellom Amerika og heimlandet.

Vestnorsk utvandringssenter
05. feb. 2026
18.00 Kafe Emigranten

Roy Thomassen frå Manger har skrive roman basert på historia til oldemora. Historia følgjer Gina, ei ung kvinne som utvandra frå Austlandet til USA tidleg på 1900-talet – og som etter mange år vender heim att til ektemannens heimstad på Hella på Radøy.

Romanen byggjer på ekte kjelder og minne frå Ginas etterkomarar. Med lokalhistorie som bakteppe, har Thomassen skapt ei fiktiv forteljing om lengt, håp og livsval – der Gina står mellom fortida ho elskar og ei framtid ho ikkje veit kva bringar.

Frå ein amerikansk småby til den forblåste vestlandskysten – boka er ei reise gjennom både verdskart og kjensler.

Vi gler oss til å høyre meir om boka og korleis forfattaren har jobba med den. Roy er ikkje berre flink å skrive, han er og flink å syngje og spele, og er vi heldige tek han med gitaren og speler ein song eller to for oss denne kvelden også.

Velkommen til kafe Emigranten torsdag 5.februar klokka 18.00!

  • 1/1