Hopp til hovudinnhald

Bryt fasaden med nye stemmer i samme samling

Vi har lagt inn ein boks med lite «brot» i alle bygningane våre. Eit lite element som tydeleg spelar på og refererer til dagens migrasjon. Desse nye elementa i alle bygningane bryt fasaden av den norske utvandringa, og skapar refleksjon til migrasjon i dag.

  • 1/1

Nye stemmer, samme samling

Vestnorsk utvandringssenter er med i musea sitt Mangfaldsnettverk. Som resultat av eit fleirårig prosjek i nettverket og prosjektet Samlingenes mange stemmer har vi fått Nye stemmer, samme samling.

Vi ønskte at fleire skulle få eigarskap og representasjon gjennom samlingane våre. I dette prosjektet ville vi legge til rette for større deltaking, å verte meir fleirstemmig og å skape tilhøyre. Målet var å få større mangfald, med nytt blikk på samlinga vår, og samtidig foreta ei samtidsdokumentasjon knytt til migrasjon i vår tid.

Med nye stemmer opna vi opp for nye fortellingar om samlingane våre. Samlingane i denne samanhengen er BYGNINGANE våre som kvar representerer ulike samfunnsinstitusjonar. Vi trekk parallellar mellom kva dei norske utvandrarane møtte og måtte forhalde seg til, og kva migrantar i dag, og gjerne til alle tider har måtte ta omsyn til fekk erfaring med i møte med andre kulturar. 

·         Emigrantkyrkja frå Brampton, Nord Dakota, USA representerer religion, kulturell identitet og sosialt samvær.

·         Skulestova frå Marboe, ND. Skolen representerer språk, kulturmøte, utdanning, det å delta i eit nytt samfunn.

·         Dr. Serkland sitt legekontor, frå Rothsey, MN representerer møte med helsevesen, det offentlege og moderne utvikling ou tdanning. 

·         Nybyggarstova frå Underwood, MN og lærarbustaden frå Brampton, ND er to bustadhus som representerer familieliv, heim, tradisjonar, identitet, generasjonar/generasjonskløft.

·         Elizabeth Townhall & Jail, frå Elizabeth MN, der rådhuset og fengselet representerer demokrati, medborgarskap, byråkrati, lov og rett, straff og regler.

  • Tekst - å vandre er å forandre

Å vandre er å forandre

Alle samfunn endres med tiden, og det en reiste fra vil heller ikke være det samme når en kommer tilbake. Å vandre er å forandre, både det en reiser fra og det en kommer til. Samtidig forandres og utvikles både kulturen og samfunnet en reiste fra, og det en kom til, gjennom stadig utvikling, ikke minst i møte med nye impulser både av mennesker som kommer og generelle nyvinninger. Folk og mennesker vandrer, kulturer møtes og kulturer forandres, før som nå.

  • Dikt i utstilling
    1/1
Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2