Carl Howelsen
Karl Frithjof Hovelsen var ein av Noregs mest kjende skiløparar i åra etter 1900, og var nordisk mester i både kombinert og langrenn. Etter at han emigrerte til USA dreiv han opplæring i skisport og blir rekna som ein av dei amerikanske skipionerane- The flying Norseman.
Men i 1903 vart Karl arbeidsledig. Mange hoppa på Amerikabåten i håp om eit nytt og betre liv, og Karl han hadde høyrt om gode moglegheiter for arbeid over Atlanteren. I 1905, rett før unionsoppløysinga med Sverige, emigrerte han til USA. Han endra i same slengen namnet sitt til Carl Howelson.
Samme år danna Carl og andre nordmenn Chicago Ski Club. Dei nytta ein skibakke nordvest for byen, som snart blei kjend som Amerikas Holmenkollen. Folk strøymde til for å få med seg konkurransane i bakken, og på eit tidspunkt var det over 33000 tilskodarar til stades.
Rykta gjekk fort om framsyninga, og ein søndag kom direktøren for verdas mest berømte sirkus, Barnum and Baileys The greatest Show on Earth innom og lurte på om nordmannen kunne tenke seg å hoppe framfor publikum i sirkusteltet. Howelson sa ja, og begynte ein ny karriere som skishowmann.
Sirkussesongen starta i Madison Square i New York den 21 mars 1907. Det var over 20 000 menneske tilstades på opningsdagen, og dei vart sjokkert då dei såg nordmannen fly gjennom lufta. I New York Journal kunne ein dagen etter lese om Howelsens mirakuløse flytur på ski over elefantane i manesjen.
Snart fekk han namnet «the flying Norseman» og "Captain" Howelson. New York hadde Howelson-feber. Avisene og publikum blei ikkje lei av å skrive om nordmannen, og i løpet av 1907 hadde vel 4 millioner menneske sett han utføre dei dristige hoppa. Sirkuset opptrådte gjerne to gongar om dagen, i opp mot 16 byar i månaden, og sirkuset turnerte i 146 byar i 16 statar.
Det var hektiske dagar for skihopparen, som etter kvart blei trøtt av sirkuslivet.
Howelsen er ikkje gløymt i det store skimiljøet i Amerika. Han har fått namnet sitt i Hall of Fame i Colorado Skimuseum.
Han blir framleis sett pris på av dagens toppidrettsutøvarar i Colorado. Det amerikanske teamet som vann sølv i kombinert i Vancouver i 2010 let seg fotografere framfor ein bronsestatue av Howelsen.
Kilder og referanser
- Hovelsen, Leif (1983) The flying Norseman None : NATIONAL SKI HALL OF FAME PRESS
- Sverre Mørkhagen (2011) Norsk identitet på fremmed grunn Artikkelsamling frå fagseminar under Utvandringsfestivalen:Utvandring til Amerika på godt og vondt
- Draumen vart verkeleg - Vestnorsk utvandringssenter 1997-2012, red Kjartan Rødland (2013) Om monumentsamlinga Sletta : Vestnorsk Utvandringssenter
- (22.12.23) US ski and snowboard Hall of Fame Url: https://skihall.com/hall-of-famers/carl-howelsen/
- (22.12.23) Store norske leksikon Url: https://snl.no/Karl_Hovelsen
- (22.12.23) Artikkel om Hovelsen, lokal historie Url: https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Karl_Hovelsen_(1877%E2%80%931955)