Hopp til hovudinnhald

Del din historie - om amerikapakker og utvandra slekt

Har du ei fortelling eller minne om ut- eller innvandring, om Amerikapakker og livsteikn frå utvandra slekt. Kom og prat og høyr gode historier i godt lag i vår koselege Kafé Emigranten

  • Bunke med amerikabrev og en gammel dukke fra Amerika med rød, blå og hvit, Stripet kjole og belte, som i USA sitt flagg
    1/1

Saman med Fjellkoret og Memoar, norsk organisasjon for munnleg historie samlar vi historier som vi vil bruke under det markeringa av Utvandrarjubileet 2025.

Vi veit mange har både slekt som utvandra til Amerika, både i nær og fjernare fortid. Kan hende var din bestefar i Amerika for ein periode, men kom tilbake. Kan hende du har ei tante som reiste på 1960-talet? Eller var du sjølv på bygningsarbeid på 1970 eller -80-talet? 

Hugsar du at familien fekk Amerikapakker i etterkrigstida. Hende det av du framleis får ei julehelsing frå slekta. Kva med gamle historier om ein oldemor sine søsken som reiste og aldri kom tilbake? 

Bli med og del dei i godt lag med oss. Kan hende din historie eller delar av din historie vert med i Fjellkoret sin storsatsing Det løfterike landet. Fjellkoret er på jakt etter gode, interessante og spanande historier knytt til utvandringa til USA på 1800-1900-talet. Fjellkoret skal nytta desse historiene til å samla råstoff for utvikling av tekstar og musikk til storprosjektet «Det løfterike landet». Prosjekt vert presentert kort innleiingsvis, men kvelden er satt av til innspel og historier ved kafebordet.

I 2025 er det 200 år sidan den første norske, organiserte utvandringa starta. Utvandringssenteret er opptatt av migrasjon og kulturmøter ikkje berre frå den første tida, men også opp igjennom åra og fram til vår eiga tid.

  • Bunke med gamle amerikabrev og en svarthvitt foto av en liten jente i dukkevogn i en hage i Brooklyn
    1/1
Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2