- 1/2
- 2/2
Koseleg kafe med møblar og servise av fin, gamal årgang. Lena Eikeland Kutschera
Emigranten er ein enkel kafé med kaffi og litt å bite i, som er open i museet sine opningstider og etter avtale. Kvar torsdag serverer vi også dagens suppe. Kaker og lefser får vi frå AUFERA, ei lokal vekstbedrift.
I museumsbutikken finn du lokale varer, bøker og suvenirar. Vi har varer frå MUHO med garn, strikkepakkar og strikkevarar frå Tekstilindustrimuseet i Salhus, Lyngheisenteret på Lygra og Osterøy museum. Mange av varene våre er produsert av lokale bedrifter, mellom anna KIM(Knarvik industri og miljø), Gløde og Vassbrekko.
Det er også høve til å leige Emigranten til selskap eller møte.
- 1/8
- 2/8
- 3/8
- 4/8
- 5/8
- 6/8
- 7/8
- 8/8