Hopp til hovedinnhold

Emigrantkyrkja

Brampton Lutheran Church vart bygd av norske nybyggjarar i Nord-Dakota på byrjinga av 1900-talet, og vart flytta til Sletta i 1996. Som så mange andre præriekyrkjer minner Brampton-kyrkja både om den norske kyrkjearkitekturen og den som utvikla seg i nybyggjarkyrkjelydane i Amerika.

  • Flagg ved Emigrantkyrkja - USA, Norge og Canada
    1/1
    Flagg ved Emigrantkyrkja

Initiativet til kyrkjeetableringa i Brampton, Sargent County, var ekteparet Ingeborganna og Leonard Olson, ho frå Trondheim, han frå Bergen. Ingeborganna stifta kvinneforeninga i 1907 og alt året etter var ho og Leonard pådrivarar for å skipa den norsk-amerikanske kyrkjelyden. Den første presten Michael Michelsen hadde utvandra frå Knappen i Øygarden. I 1911 kom arbeidet med kyrkjebygginga i gang, men kyrkja vart først vigsla i 1921. Bygningsmenna var utvandrarar i første eller andre generasjon, og vi finn namn frå mellom anna Valdres, Jevnaker, Surnadal, Lindås og Telemark.

Kyrkjerommet, det sakrale, var inspirert av den religiøse arven heimefrå, men kyrkjene i Amerika skulle og tene eit anna viktig føremål: dei skulle vera sosiale møtestadar. Kyrkjene fekk difor eit samlingsrom, og i denne kyrkja er dette i kjellaren. Her kunne ein samlast kring ein matbit, i sorg og glede, og høyre nytt heimefrå. Då kyrkja vart bygd opp att på Sletta vart kjøkken og opphaldsrom rekonstruert slik det var i Brampton, men med ei moderne oppgradering. Rommet har vore nytta til ulike føremål etter at kyrkja kom til Noreg, men husar no kafe Emigranten.

Museum24:Portal - 2024.10.21
Grunnstilsett-versjon: 1