Hopp til hovedinnhold

Familiedag på Prærien - Utvandringsfestivalen

Bli med på Prærien og ta del i gullgraving, lassokasting, pil og boge, luftgevær og meir. Ta heile familien med på ein aktiv familiedag på Sletta.

Her kan du prøve deg på bogeskyting, lassokasting, gullgraving, ta Amerikabilete, skyte med luftgevær og bli med på andre tidsriktige aktivitetar frå utvandrarartida. Velkommen til Prærielandsbyen!

Mellom husa vert det aktiviteter med utgangspunkt i kva dei norske utvandrarane møtte og opplevde då dei kom for å busette seg og etablere seg i Amerika.Pil og boge, eit våpen som vart nytta til jakt både av indianarar og andre. Luftgevær som også vart nytta til jakt og til å forsvare seg mot farar og fiendar. Lasso som vart nytte til å samle kveg. Kle familien opp i tidsriktige klede og ta Amerikabilete hos fotografen. Kast hestesko, og prøv deg på andre leikar, kjent for barn både i gamlelandet og i Amerika.

 Det vert leirstemning med fyr i bålpanna, kor du kan grille marshmallows, og vi har enkel kafé i The Plain Saloon!

Billettar:

Vaksne og born kr 80

Familie 4 stk kr 250

  • Cowboy viser pil og bue
    1/4
    Lena Eikeland Kutschera
  • Tønnebæring, voksen bærer mange tønner
    2/4
    Lena Eikeland Kutschera
  • cowboy på Prærien på Sletta
    3/4
    Lena Eikeland Kutschera
  • Portrett av far og sønn til amerikabilde
    4/4
    Lena Eikeland Kutschera
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1