- 1/1
Det er mykje som skjer den siste dagen under Utvandringsfestivalen.
Dagen startar med festivalgudsteneste i Emigrantkyrkja, i regi Radøy sokn.
Vidare blir det markering ved monumenta. I år tar festivalen utgangspunkt i Skimonumentet og historia om menneske som våga å dra, som hadde kraft til å gå – og som fann måtar å nå fram på.
Dette emnet får vi høyre meir om gjennom føredraget "Amerikafeber og heimlengt" med Gudmund Skjeldal.
Han er tidlegare slåttekar, skiløpar, samt journalist og lektor, no førsteamanuensis og forfattar. I føredraget fortel Skjeldal om nokre av dei norske skiløparane som drog til Amerika – og attende til Noreg, og korleis han har arbeidd med dei i historieforskinga si på Norges idrettshøgskule.
I Prærielandsbyen blir det festivalmyldring med aktivitetar, opne hus og utstillingar. Kafeen er open i The Plain Saloon.
Hjarteleg velkommen til Utvandringsfestivalen 2026!