Festgudsteneste i Emigrantkyrja
Radøy sokn inviterer til gudsteneste i Emigrantkyrkja, der biskop Ragnhild Jepsen deltek. Her markerer også kyrkja 200-årsjubileet for norsk utvandring, og har fokus på migrasjon og identitet. Fylkesordførar og ordførar deltek også her, og det blir flotte musikalske innslag.
Markering ved monumenta
I år vil vi ha fokus på 200-årsjubileet for den norske utvandringa og markerer difor hovudmonumentet og sambandet mellom Norge, USA og Canada. Samstundes vil vi rette fokus på Krigsseglarmonumentet og monumentet over 99.bataljon i samband med at det er 80 år sidan frigjeringa av Norge under 2.verdskrig.
Det blir talar, musikkinnslag og kransenedlegging. Her bidreg mellom anna ordførar Nina Bognøy, fylkesordførar Jon Askeland og biskop Ragnhild Jepsen.
Slektsforsking
Blei onkel rik i Amerika? Kva skjedde egentlig med familien som reiste "over there"?
Slekt og Data rigger opp ein slektsforskingsstasjon i kafe Emigranten, der du kan få rettleiing i å finne meir informasjon om dette. Det blir særskild fokus på å finne fram i amerikanske kjelder.
Mormonarkyrkja kjem også og rettleier i å finne fram til amerikaslekta i den store databasen i Family search.
Festivalmyldring i Prærielandbyen
Søndagen i Utvandringsfestivalen kallar vi Festivalmyldring, og det vert eit mylder av opplevingar, inntrykk og aktivitetar. Under årets festivalmyldring ynskjer vi å vise fram ein del av dei prosjekta vi har vore med på i dette jubileumsåret:
Vi har vore med på eit stort prosjekt saman med mellom anna Vestland Fylkeskommune og Vesterheim museum i USA, der det har blitt utarbeidd utstillinger, undervisingsopplegg og digitalt spel. Utstillinga heng ute i Prærielandbyen og museumsspelet kan du prøve under festivalmyldringa. Les meir om prosjektet her: Emigrating to America
Vi har også vore støttespelarar til Vågespel som er ei flott nettside, podcast, bok og som også blir sett opp som forestilling. Vi får ei lita smakebit med Reidun Horvei i løpet av festivalmyldringa, og gler oss til å sjå heile forestillinga hjå oss seinare.
Det løfterike landet er ei konsertframsyning der Fjellkoret inviterer til eit show som skal visast fram mellom anna i Grieghallen 14.september. Her bruker dei mellom anna amerikafortellingar samla inn av Memoar gjennom prosjektet Migrasjonsminne, som også har samla fortellingar her hos oss på Vestnorsk utvandringssenter. Desse prosjekta kan du også høyre meir om under festivalmyldringa!
Opne hus og utstillingar
Her får du høve til å kikke inn i bygningane våre og sjå utstillingane i dei ulike husa. Mellom anna kan ein sjå den nye utstillinga Sendt frå Amerika i Lærarbustaden, som forteljer om den kontakten som var mellom utvandrarane og heimlandet i tida og åra etter utvandringa. Det er også ei ny utstilling knytt til årets jubileum, Crossings 200 i Elizabeth town hall & Jail.
Open kafe og aktiviteter på prærien
Det er festivalkafe i The plain Saloon, festivalteltet på prærien. Her blir det servering av varm mat, kaffi og kaker.
Det vil også bli høve til å prøve seg på ulik leik og aktiviteter på prærien- mellom anna kan du prøve lukka på lykkehjulet, kaste hestesko eller lafte ditt eige hus.
Velkommen for kjekke opplevingar og ei sosial stund på Prærien!
Vågespel
Det var planlagt premiere på konsertframsyninga Vågespel som avslutning på årets festival. Denne må diverre gå ut, og vi kjem tilbake med ny tid for framsyninga på eit seinare tidspunkt
Vågespel er eit prosjekt som gjev stemme til den norske kvinna som utvandra til Amerika. Her finn du artiklar, podcast og etterkvart ei forestilling bygd over autentiske brev, dagbøker og biografiar etter 8 kvinner frå Vestlandet. Les meir om dette her: Vågespel
- 1/1