Hopp til hovedinnhold

Førjulskveld på Sletta

Julestemning, julekafe, juleverkstad og lokale julegåver - ein førjulskveld med lave skuldre i den koselege kafé Emigranten på Sletta.

  • 1/1
  • Gammel piperensenisse

Her kan du lage litt julepynt eller julekort, finne fine julegåver eller berre møte folk i vår koselege kafe og museumsbutikk Emigranten. Vi vil lage julestemning og legge til rette for ein fin stund i førjulstida.

Julestemning, julekafe, juleverkstad og lokale julegåver - ein førjulskveld med lave skuldre i den koselege kafé Emigranten på Sletta. Stressfri og koseleg førjulskveld med tid til samvær for barn og vaksne. I juleverkstaden kan du lage små julegåver og julepynt, eller kjøpe enkle arbeidspakkar ta med heim. Husa på prærien er pynta med stemningsfull julepynt og lys i heile desember. 

Rusle gjerne ein tur mellom husa og kikk i vindauga. Hent fram minner og skap nye minner saman!

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1