Hopp til hovedinnhold

Fredagskveld i Saloonen - Utvandringsfestivalen 2021

Utekonsertar i The Plain Saloon
Vi er SÅ klare for å invitere til utekonsert. Saloonen på Sletta er særs luftig, og har plass til mange. Vi får til ein sikkelig musikkfestival i miniformat når vi inviterar til Fredagskveld i Saloonen med tre konsertar. Vi gler oss til å høyre Try With Coffee, Stine Norse og Yesterdays News.

  • 1/1

Try With Coffee

Try with Coffee er ein Alver-basert trio som speler ein melodiøs, funky miks av pop og jazz. Dei speler eigne komposisjonar og kjente låtar framført med eit særegent uttrykk.

 Dei består av: Brynjar Mjanger EIde- slagverk
Bjørn Schille- hybridgitar
Linn Merethe Myrtveit- vokal 

  • Try With Coffee bandmedlemmer
    1/1
    Try With Coffee

Stíne Norse

Stíne Norse (Stine Elise Eikefet) er singer-songwriter fra Alversund. Hun har lenge hatt base i London men da covid kom flyttet hun tilbake til Alver.

Stíne lager musikk inspirert av både livet i Londons og vestlandets værharde landskap. Hun var lenge dratt mellom disse kontrastene men har landet i det å ha tilhørighet begge steder, litt som en trekkfugl som reiser nord-sør avhengig av årstiden. Stíne sin merkevare er stemmen. Den er klar, direkte og kommer fra hjertet. Stemmen blandes med en egen jordnærhet i sangtekstene som naturlig akkompagneres av fingerspill på gitar eller pianotoner.

  • Stine Norse spiller gitar i skogen
    1/1
    Stine Norse

Yesterdays News

Yesterdays News er Richard Hindenes og Stian Sylta (og stundom Stian Hauge). Desse karane kjem fra tidlegare Lindås kommune og har dei siste åra reist fylket rundt og spelt og showa for song og danseglade vestlendingar. Karane spelar ei blanding av norske og internasjonale klassikarar frå Elvis og Dolly Parton til Marius Müller og Di Derre. Yesterdays News lovar høg allsongfaktor og rockefot når dei trakterer gitarane på ei scene nær deg.

  • 1/1

Billettar

Billettar kr 250,- 

Førehandssal på Tikkio og sal i døra

"Dørene" opnar kl 18.30, konserten startar kl 19. 

The Plain Saloon

Den enkle saloonen på Sletta er særs luftig, og det passar bra i koronatiden. Det er utekonsert og ta med eigen hagestol eller campingstol om du vil sitte. 

Vi sel snacks og drikke - alkoholfritt øl og brus. 

Vi er pålagt å samle informasjon for smittesporing. 

Velkommen til ein luftig og kjekk kveld i Saloonen, med ekte levande musikk!

For meir oppdateringar når det nærmar seg, følg med på Facebookarrangementet

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1