Hopp til hovedinnhold

Halloween på Prærien 2024

Småskummel Halloweenfeiring på Sletta. Finn fram kostymet og bli med på ein spennande kveld mellom husa på prærien.
Torsdag 31. oktober kl 17.30-20.00

  • Gresskar med cowboyhatt

Familiearrangement

Dette er eit familiearrangement kor vi også trekk fram aktivitetar og tradisjonar frå den tidlege amerikanske Halloweenfeiringa. Vi gjer det skummelt på ein kjekk måte, med dunkel og stemningsfullt lys og mørke.

Vi finn fram spegel, gresskar, svarte kattar og andre effektar, og tenner opp bålpanna for grilling av marshmallows. Halloweenmarkeringa i USA på starten av 1900-talet var ikkje berre knask eller knep, men spådommar, overtru, farer og gjærteikn. Kan du sjå skuggen av din tilkommande i spegelen? Epler kan spå mykje om framtida. Å kle seg i kostymer var før ein måte å gøyme seg frå spøkelser og ånder...

Vi finn på noko nytt og spennande kvart år. Tør du komme? 

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1