Hopp til hovudinnhald

Halloween på Prærien-25

Småskummel Halloweenfeiring på Sletta. Finn fram kostymet og bli med på ein spennande kveld mellom husa på prærien.

Småskummel Halloweenfeiring på Sletta. Finn fram kostymet og bli med på ein spennande kveld mellom husa på prærien.

Vestnorsk utvandringssenter
31. okt. 2025
17.30 – 20.00

Familiearrangement

Dette er eit familiearrangement kor vi også trekk fram aktivitetar og tradisjonar frå den tidlege amerikanske Halloweenfeiringa. Vi gjer det skummelt på ein kjekk måte, med dunkel og stemningsfullt lys og mørke.

Vi finn fram spegel, gresskar, svarte kattar og andre effektar, og tenner opp bålpanna for grilling av marshmallows. Halloweenmarkeringa i USA på starten av 1900-talet var ikkje berre knask eller knep, men spådommar, overtru, farer og gjærteikn. Kan du sjå skuggen av din tilkommande i spegelen? Epler kan spå mykje om framtida. Å kle seg i kostymer var før ein måte å gøyme seg frå spøkelser og ånder...

Vi finn på noko nytt og spennande kvart år. Tør du komme? 

  • Skuggesilhuett av ein stor og ein liten menneske i store klede. Svevande skuggebilete av hovudskallesilhuett, utskore graskar og ein liten flygande heks på kost.
    1/3
  • Mørk og våt kveld på prærien med ein diger edderkopp med stort glis og raude bein, og ein stor kvit hovudskalle. (Begge er dekorerte høyballar)
    2/3
    MUHO
  • Lysende gresskar med cowboyhatt i mørket
    3/3
    Lena Eikeland Kutschera |
Museum24:Portal - 2025.03.18
Grunnstilsett-versjon: 2