Hopp til hovedinnhold

Halloween på Prærien

Bli med på ein småskummel Halloweenfeiring kveld på Sletta. Finn fram kostymet og bli med på ein spennande kveld blant husa på prærien.

Søndag 31. oktober kl 17-19.30

  • Halloween kveld på Prærien
    1/1
    Lena Eikeland Kutschera

Dette er eit familiearrangement kor vi også trekk fram symbol og tradisjonar frå den tidlege amerikanske Halloweenfeiringa. Vi gjer det skummelt på ein kjekk måte, med dunkel og stemningsfullt lys og mørke.

Vi finn fram spegel, gresskar, svarte kattar og andre effektar, og tenner opp bålpanna for grilling av marshmallows. Halloweenmarkeringa i USA på starten av 1900-talet var ikkje berre knask eller knep, men spådommar, overtru, farer og gjærteikn. Kan du sjå skuggen av din tilkommande i spegelen? Epler kan spå mykje om framtida. Å kle seg i kostymer var før ein måte å gøyme seg frå spøkelser og ånder...

Billettar: vaksen / barn kr 80, familie (2+2) kr 250

Billetta vert lagt ut for sal på Tikkio og ved ankomst.

Vi sel heksebrygg, kaffi / te, snop og snacks, og marshmallows for sjølvgrilling på bålpanna.

  • Halloweenkort, heks som rører kjele mens katten og flaggermus følger med
    1/3
    Halloweenkort
  • Halloween, Småskummel, utkledd damed med hvitt øye
    2/3
    Småskummel dame Lena Eikeland Kutschera
  • Skjellettet SkRagnvald i skummelt lys på Halloween
    3/3
    Skjellettet SkRagnvald i skummelt lys på Halloween
  • 1/1
Museum24:Portal - 2024.04.07
Grunnstilsett-versjon: 1