Hopp til hovedinnhold

Herman Smith-Johannsen

var ein norsk-kanadisk pioner innan skisport og friluftsliv. Han blei ein sentral skikkelse i innføringa av langrennssporten til Canada og USA.

FØDT

15.juni 1875, Horten(Norge)

DØD

5.januar 1987, Tønsberg(Norge)

GRAVLAGT

Quebec, Canada

VIRKE

Skiløper, ingeniør

FAMILIE

Gift med: Alice Robinson i 1907

Barn: Alice, Robert og Peggy


Herman Smith-Johannsen var fødd i Horten, som den eldste av 9 søsken. Etterkvart flytta familien til Christiania der Herman utforska Nordmarka på ski, først saman med faren og etterkvart på eigen hand. Som ung gutt møtte han Fridtjof Nansen, som trente på å hoppe frå isflak til isflak i Frognerkilen før turen over Grønland, og som ungdom traff han og to kamerater Edvard Grieg på fjelltur i Jotunheimen.


Herman utdanna seg som offiser på Krigsskulen, før han i 1894 starta ingeniørutdanninga ved Universitetet i Berlin.Den store skiinteressa var framleis til stades, og han tilbrakte feriane på ski i Alpane. I 1899 tok han eksamen som diplomingeniør i Berlin. 


Ferda vidare gjekk til Cleveland i Ohio, USA. Her starta han som maskinselgjar for firmaet Brown Hoisting Machinery Company i 1901. Imidlertid mistrivdes Herman som kontorarbeidar, og då firmaet såg etter ein frivillig som kunne reise til Canada og undersøke kva maskiner dei burde nytta i den planlagde jernbanebygginga, meldte han seg.


Han drog nordover så langt han kom med jernbane, hest og kjerre og hundespann. Deretter spente han på seg skia og nådde til slutt North Bay. Her holdt den innfødde Cree-stammen til. Dei syntes synet av nordmannen i full fart med to lange planker på beina var artig. Sjølv gjekk dei med truger, Snowshoes. Dei kalla han  «Okumakun Wapoos», dvs. «Høvding hare" Dette ble cree-indianernes navn på Smith-Johannsen. På engelsk blei dette jackrabbit (= hare), der kjem kallenavnet hans frå, «Jack Rabbit».

Herman gifta seg i 1907 med amerikanske Alice Robinson, og saman med etterkvart 3 born reiste dei rundt for firmaet Herman jobba for. Dei neste åra budde dei på Cuba, i Panama, Kiruna, Svalbard og New York. Alle stader hadde Herman flaks og var på riktig stad til riktig tid. Firmaet gjekk strålande. Så kom børskrakket i 1929. Herman Smith.Johannsen mista alt, og forettninga han hadde bygd opp over 27 år vart verdilaus iløpet av nokre få veker.​

Det såg ikkje lyst ut for familien, og borna som skulle begynne på høgare utdanning såg ut til å måtte stå over vidare skulegong. Familien flytta til ei enkel hytte utanfor Montreal, der Herman jakta elg og rådyr. Etterkvart fekk han forefallande arbeid på jernbana, og starta å hogge ut skiløyper i Quebec-området.

Han lærte seg fransk, og starta etterkvart  å introdusere langrennssporten i området. Han blei buande i Canada i 58 år,  og fekk i 1972 Order of Canada til ære for sine bidrag til å innføre skisporten som helse- og fritidsmessig aktivitet i Canada. Han var ein forkjempar for friluftsliv og oppmuntra folk til å nytte seg av naturen rundt dei. Smith-Johannsen reiste rundt og delte si kunnskap om skisport, ikkje berre som ein sportsaktivitet, men også som ein måte å utforske og nyte naturen på.


I tillegg til å vere ein framståande skientusiast, var Smith-Johannsen ein respektert pioner innan utviklinga av skiteknologi og -utstyr. Han hadde ein viktig rolle i å introdusere moderne ski til Nord-Amerika og å fremje skisport som ein populær og tilgjengeleg aktivitet for folk i alle aldrar.


  • 1/1

Smith-Johannsen var kjend for å ha ein vital og aktiv livsstil heilt opp i ein høg alder. Han vart ein symbol på helse, friluftsliv og evig ungdom. Som 100-åring blei han i 1975 invitert til Holmenkollrennet. Han deltok i eldste klasse i Ullrennet- og vann. Samme år kom filmen om hans liv, Jackrabbit.  I 1986 flytta han tilbake til Norge, der den yngste sonen Robert budde, og den siste månaden av sitt liv var han verdas eldste mann. Han levde til ein imponerande alder av 111 år, og døydde 26.desember 1986. Han blei gravlagd i Quebec ved sidan av kona Alice, som døydde i 1963.

Herman Smith-Johannsen sitt liv og arbeid har hatt ein varig innverknad på skikulturen både i Nord-Amerika og internasjonalt. Han blir hugsa som ein lidenskapeleg forkjempar for friluftsliv og ein inspirasjon for generasjonar av skientusiastar verda over.

  • Minnesmerke over skipionerane
Her finn ein namnet til mange av nordmenna som blei føregangsmenn for skisporten i USA og Canada
    Her finn ein namnet til mange av nordmenna som blei føregangsmenn for skisporten i USA og Canada


På monumentet som står på Vestnorsk Utvandringssenter blir Herman rettmessig heidra som ein av pionereane innan amerikansk skisport, saman med ei rekke andre nordmenn som tok med seg skikunnskapane i Amerikakofferten.


  • 1/1

Kilder og referanser

Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 1